søndag, desember 25, 2011

Julaftan på Hareid.

I år som i fjor feira vi jul på Hareid. No når vi kan køyre heim att gjennom tunnelen er det ikkje så mykje styr som før, då vi måtte overnatte.
I år såg vi eksta fram til å sjå og høyre att "Jens prest" som var prest i Ørsta då Solveig og Rasmus vart konfirmerte. Jens var den gode gamle og gjorde julaftan- preika til noko spesielt. Etterpå helste vi på han utanfor kyrkja. Eg trur han sette pris på at kyrkja var fullsett og at folk støttar opp om han etter alt han har vore utsett for.
Så var vi resten av kvelden hos Solveig med familie, dei var fulltallige sidan det to eldste også var heime. Vi fekk nydelig julemat, og så var det gåveutdeling som varte i timesvis. Trur ikkje at det er mange som har så stor gåvehaug. Ikkje berre dei vaksne men også barna kjøper gåver til alle, og når ein er 8 personar, så kan ein opphøge i andre potens +++ Alle fekk mykje fint som dei vart glade for. Olaug fekk mellom anna ein stor tung rokkering som måtte prøvast. Det viste seg at Solveig ikkje hadde gløymt gamle kunstar, men meisteren var faktisk Håkon.
Strykebrettet i bakgrunnen betyr ikkje at Solveig ikkje vart ferdig stroken til jul.Det var ei av julegåvene til Einar som no bur for seg sjølv.
Eg vil ikkje nemne  julegåver vi fekk, sidan eg ikkje kan nemne alle, berre seie at vi fekk altfor mykje, og alt var fint.
Etter gåveutdelinga var det dessertar og kaffi. Og så måtte vi prøve eit quiz-spel som einkvan hadde fått i gåve.Audun var programleiar, og vi vart delt i tre laget. Laget mitt som bestod av Einar og meg vann sjølvsagt. Einar er jo stadig med på quiz-konkurransar på Hareid og i Ulsteinvik, så eg var heldig med makkeren min.
Då vi køyrde heimover etter midnatt, var det begynt å blåse, men temperaturen var + 7. Litt skilnad frå i fjor då vi køyrde heimover i 18 minusgrader.
Vi hadde ein fin julekveld og takkar vertskapet for det.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Fortsatt God Jul! I dag er det skikkeleg grisever ute,men etter gamalt skulle ein halde seg heime og roe ned 1.juledag,så det høver vel bra,såleis. De hadde ei fin julafta hos Solveig,skjønar eg. Vi slapp å reise meir enn 1 km. Stein Inge var dyktig kokk og vi hadde ein triveleg kveld.Pause halvvegs i pakkane for kaffi og dessert, men vart likevel ferdige til mor Margunn skulle på nattevakt fram mot kl 22.

solveig sa...

Hm .. Når det gjeld rockeringen, så meiner nok eg at eg var mest uthaldande ... ;-)

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...