Klokka er no 19.45, temperaturen ute er + 28 grader, høgaste temperatur eg har registrert i dag var +34 grader C-
det er varmt.
Det har ikkje blitt gjort mykje i dag; eg shina opp kjøkkenet etter frokost og så gjekk eg ut. Det er restriksjonar på hagevatning no, så eg måtte ta det litt med ro. Eg fylte kanna mange gonger og bar rundt på den, men eg kunne ikkje la slangen ligge og vatne heile tida. Det er meldt regn på sundag, så no gjeld det å halde plantane i live til det regnet kjem.
Det blei lite gjort i dag utanom vatninga, eg blir lat i varmen og kroppen fungerer ikkje så veldig bra Mens eg sat ute og vatna litt kom der ein bil på tunet. Det var Håkon og Amund som stakk oppom mens Birte gjorde unna nokre ærend i Vik. Amund sov roleg og fint i bilsetet sitt heile tida han var her. Ja, det var ikkje så lenge, men kjekt at dei stakk oppom.
Etter at eg hadde ete eit måltid i 15-tida,la eg meg ut på altanen. Akkurat då kom det ei sky og la seg over sola, så då gjekk det an å lidde på solsenga.
No i kveldinga har eg sete oppe hos Marit i skyggen under altanen, elles plar eg halde meg i sola- men i dag vart det lovleg varmt.
Eg har ingen planer for helga, men eg må kanskje handle litt i morgon.
Solveig og Øystein er på veg til Bergen for å hente Olaug heim til ferien.
Eg skulle ut i hagen og ta bilde, men telefonen var tom for straum, så den ligg på lading.
No har vel alle slitne lærarar og elevar fått ferie-det er dei vel unt. Eg ønsker både dei og alle andre ei god helg. Vi får nyte den siste fineversdagen i morgon.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.august
Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren ha...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar