fredag, juni 19, 2009

Mimring om Margrete.

Her er heile storfamilen samla på tunet vårt 2.august 1992. Lise og Kjell kom innom på besøk, og det er dei som har tatt bildet.To naboungar ville også vere med , dei står heilt til høgre.Som de ser hadde vi berre to barnebarn på den tida. Storfamilien er blitt monaleg større sidan den gongen.

Her er vi på hotellet på Eid. Året er 1989 og mamma fylte 85 år. Ho spanderte middag på den nærmaste familien.Her øver Margrete og Lars seg til dei skal bli 4-barnsforeldre. Einar var det einaste barnebarnet vårt på den tida, og den einaste som M.og L. var tante
og onkel til.

Same året som Margrete og Lars gifta seg, reiste dei til Kristiansand for å studere.Der budde dei i to år. Begge haustferiane dei var der, reiste vi nedover på besøk.Dette er frå den andre turen, trur eg. Margrete var glad i å shoppe den gongen også,men ein fattig student har ikkje råd til all verda. Her har vi tatt bilde etter ein tur på Sørlandssenteret. For pengar som ho fekk til konfirmasjonen, kjøpte Margrete hunden Nadja, ein Old English Sheepdog, som levde til ho var over 11 år.Viss de synest at Nadja liknar på hundane dei har no, så gjer ho det. Men Nadja var mykje større.Dette bildet av Margrete og Lars er frå 1987.
Til konfirmasjonen i 1983 fekk Margrete seg ekte sognebunad. Det var farmora og tanta som stod for det prosjektet. Bunaden sin har ho sjølvsagt enno.Det lange håret klipte ho kortare rett etter konfirmasjonen,så på dei offisielle konfirmasjonsbilda har ho ein annan frisyre.
Margrete var med i "leikarring" nokre år. Der var det vanleg å ha bunad, eller aller helst jukse-bunad. Dette var den andre juksebunaden ho hadde. Her er dei tre søskena samla i sofakroken.Truleg er det jul
Synest eg ser ein juledekorasjon på hjørnebordet.Dei orange gardinene hadde vi i fleire år, før mamma overtok dei.

Kor gammal Margrete er her, er eg ikkje sikker på, men eg trur bildet må vere frå 1978 eller-79.Ho og mormora har sett seg til bords julafta. Når eg tek med så mykje av bakgrunnen på bilda, er det for å vise fargar og interiør som var in på den tida.
Julafta var det skikk og bruk å kle på seg det ein hadde fått i presang, og så ta bilde.( Solveig har strekt hovudet ut av bildet her).Denne jula fekk Margrete ei dokke som ho blei veldig glad for. Dessverre fortok gleda seg utover kvelden, då armar og bein fall av etter kvart som ein fekk dei på plass igjen. Dokka vart bytta 3.juledag, men den "nye" dokka vart aldri så god som den første.

Her sit dei tre små på kista til Marie Eline Andersdotter Sætre, oldemora mi. Vi budde framleis på Melle. Margrete er blitt stor og tung, og Solveig har visse problem med å halde henne.Solveig fylte 5 år den sommaren M. vart fødd.

Margrete vart fødd 20.juni 1968.Her er ho mellom dei to søskena sine i stova vår på Melle.Den kvite jakka ho har på seg hadde eg hekla.










4 kommentarer:

arieldog sa...

Det var eit usannsynleg utypisk utval av bilete! Og berre for å gjere det klart: eg var til DAMEfrisør første gong i 1979, viss eg hugsar rett. Biletet av Lars, Nadja og meg vart teke ei stund før jul 1987. Eg ville så gjerne ha eit fint bilete av bikkja, og så vart det "familiebilete" i same slengen.

solveig sa...

Artige gjensyn. Eg kom på mormor si feiring då Einar utbraut "Oj, mat og erter!"

Elin sa...

Gratulerer med Margrete i morgon!

Besta sa...

Utvalet av bilde er svært tilfeldig, og det var det som var meininga.Mange bilde sit fast i album, og er vanskelig å scanne, derfor tok eg helst slike som var lause....Eg skal prøve å retteopp att det som er direkte feil. Kan no ikkje hugse alt heller!

Dagbok 2021: 22.september

  Klokka er no17.05, temperaturen ute er + 12 grader. Akkurat no er det opplett ute, men det har regna nesten i heile dag. I dag skulle eg i...