Dette er Jan Mehlums første bok i serien om Tønsberg-advokaten Sven Foyn. Som dei fleste krimheltar har han sine kjenneteikn. For det første ei lett stamming,som kan vere plagsom innimellom. Han har den store St. Bernhardshunden Hulda, som somme tider lyder namnet sitt; og så har han sansen for ein god konjakk og ein sigar i ny og ne.
Sven Foyn er sjølv forteljar i boka; stilen hans er elegant, slentrande og lett sarkastisk-humoristist. Språket er kort sagt heilt glitrande etter mi meining.
Somme gonger lurer eg på om boka rett og slett er ein sjangerparodi.I alle fall er likskapen med Staalesen og Varg Veum påfallande, når ein ser bort frå dialekten.
Innhaldet er ikkje spesielt originalt; andre bøker i serien er betre i så måte.
Ove Christian Owe les boka så bra som det er mulig.Eg kosa meg med opplesinga og språket.
Solveig har også blogga denne boka, så les gjerne kva ho skriv også.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 202: .26 okrtober
Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud....
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Akkurat no kunne eg ha tenkt meg å lese ei bok i same serien. Peter Høeg tok på. Eg snakka med bibliotekaren i dag. Eg var visst ikkje den einaste....
Eg kom i hug korleis det var med meg og Peter Høgh.Det var ei PAPIRBOK eg hadde, som eg aldri kom vidare i. Forstod lite og ingen ting. Eg gav den til Margrete og ho kom igjennom den, med nød og neppe....Ho googla den, og det var då ho fann ut at den var skriven som ei utfordring til dei "intellektuelle." Kva den heitte, hugsar eg ikkje, men eg har valt bort PH sidan.
Legg inn en kommentar