Klokka er no17.22, temperaturen ute er + 1grad C, og akkurat no snøar det. Tidlegare i dag var det regn, sludd og hagl, men no ser det ut til at det blir kvite marker igjen.
Dette har vore ein lat og koseleg dag. Etter frokost tok eg fram to sudokuar som eg ikkje hadde fått heilt i hamn i går, i dag var det ingen problem, men det tok si tid. Etterpå sette eg meg til å strikke og sjå SERIE, no er eg komen a jour med RÅDEBANK, ein fin serie.
Eg sat og såg siste episoden då Solveig ringde og spurde om eg ville ha besøk, og mens eg snakka med Solveig, ringde Margrete, så i dag har eg kost meg. Solveig hadde kjøpt kaffimat og Margrete hadde kjøpt kaffi. Men den var umalt og eg har kasta kverna mi, som var slutta å virke. Men Margrete hadde kjøpt seg kvern i dag, så den fekk eg, mens ho fekk pengar til å kjøpe seg ei ny . Vi åt kveitebrød og drakk kaffi og prata til det vart tid for dei å fare heim att.
I dag hadde eg bestemt meg for å halde meg mest mulig i ro, for å sjå om det hjelpte på den låke foten. Eg har også gått berrføtt for å sjå om det var bra for å ikkje hovne opp. Det har gått bra til denne tid.
Eg har ei kjensle av at denne dagen vart altfor kort. Tida går fort i godt selskap. Bilda tok eg frå altanen,rett før eg sette meg til å skrive, Kvar gong det nesten er blitt bert, kjem det ny snø. Eg må tenkje på at viss det hadde vore klårt no, hadde vi hatt sol mange timar kvar dag. Slik var det i fjor, men eg har trua på at vi kan få det klårt og kaldt i februar, det må no ein gong slutte å regne og snø.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar