onsdag, januar 26, 2022

Dagbok 2022: 26.januar


 Klokka er no 17.42, det er + 4 grader ute , og det regnar. I dag har eg ikkje vore noko særleg ute.

Sist natt og i dag tidleg verkte eg mykje i ryggen og hofta, så eg var litt skeptisk då eg stod opp i dag. Det er nesten slik kvar dag, men det plar gå over når eg kjem i "arbeid" og det gjorde det i dag også. Merkeleg nok Eg fekk vaska ned bad og WC før middag, og det gjekk heilt fint. 

Verre var det med høgre foten. I går då eg hadde vore på Vernet fekk eg låkt i tærne på høgre foten, eg trudde det var støvlettane som var trange, men det var det ikkje, Det er ikkje tærne som er vonde , det er lenger inn på fotbladet. Det er ikkje vondt når eg sit i ro, berre når eg stig på foten, og det er verre når eg har sko på enn når eg går på sokkelesten. Viss det blir trening i morgon kan eg høyre med fysioterapeuten. Viss det ikkje blir bra etter nokre dagar, må eg vel ein tur på røntgen.

Mens eg vaska tak og vegger, hadde eg ein klesvask gåande i kjellaren, men då eg skulle ha kleda over i tørketrommelen, oppdaga eg at låsen på "døra" var heilt kaputt. Ja, eg har mange gonger lurt på kor lenge den trommelen ville leve, den har overlevd minst tre vaskemaskiner. Eg trur at noko av grunnen til det er at den er så enkel. Dampen har gått ut i rommet , der er to val når det gjeld varme, og så kan ein stille tida som ein vil. Eg har tørka store klesvaskar på 1 time. Men eg får vel ikkje tak i noko liknande no. Eg har vore inn på nettet og sjekka prisar , og no kostar ein trommel frå 3000++ til mykje over 10|000 kr. Eg må no bort på El-kjøp ein dag,eg irriterer meg over at vi ikkje har EL-butikkar i Ørsta , men må bort i Furene og det er Volda. 

Til middag i dag steikte eg meg fine små pannekaker med mykje egg i. Tenkjer på proteinen når eg et egg. Etter middag har eg sete og strikka, blir kanskje ferdig med siste sokken i kveld. Og så ser eg RÅDEBANK. Har ikkje brytt meg om den serien før, men no har den fått så mykje skryt. No er dei komne til 3.sesong, men eg begynte på 1.sesong i går. No har eg ikkje rånebil på tunet, det kom ein annan bil i går, men veit ikkje om rånebilen er vekk for godt.

Det er mørkt og vått ute, men eg er glad så lenge det ikkje er kaldt. Men om det blei klårt og kaldt, hadde vi hatt sol no.

Det mørknar så tidleg og så fort at eg sjeldan somlar meg til å ta bilde i dagslys.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...