torsdag, januar 20, 2022

Dagbok 2022: 20.januar


 Klokka er no15.35, og det er 0 grader ute. I dag vakna eg grytidleg, men stod ikkje opp før klokka hadde passert halv sju. Eg måtte opp tidleg skulle eg få moka snø såpass eg fekk ut bilen- Men først åt eg frokost. Eg er ikkje sikker på kor lenge eg moka, men eg fekk no vekk såpass mykje at eg greidde å rygge ut bilen. Eg skulle ikkje fare før klokka 9.45 så eg hadde god tid, og eg kom meg opp på vegen til tross for at det hadde kome mykje snø sidan eg moka.

Marit skulle på trening så ho sat på med meg ned dit, og eg køyrde vidare. Eg visste at Røde Kors-huset var ute i Strangata ein stad, men eg såg ikkje logoen nokon stad, så eg parkerte og gjekk til fots for å finne fram. Eg trefte ei dame som eg spurde, og då forstod eg at eg skulle ha køyrt lenger utover. Tilbake til bilen, og jammen kom eg fram eit par minutt før klokka 10.

No viste det seg at det ikkje berre var digitalisering som stod programmet."Sterk og stødig" var hovud-tema. Det er eit lavterskel- tilbod til eldre og går ut på å gjere gamle folk stødigare så dei ikkje dett så ofte. Eit mosjonsprogram med andre ord. Der var minst 4 ergoterapeutar til stades, og dei hadde budd seg godt. Leiaren i Røde Kors, Kjell Bjarne Eikebø, var der og Eva Berset møtte også for Røde Kors. Eldrerådsleiaren, Toril Langlo, var der, og Eli og eg møtte for Pensjonistlaget.

Den andre saka på programmet var digitalisering, dvs. at vi skal få i stand opplæring  for eldre. Kurset skal vere på Bakk-Ola-marka. Det vart ikkje snakka så mykje om dette, Men eg gjorde dei merksame på at dei kan søke på "Datastuer" på nettet. Eg hadde med ei utskrift, men syntest ikkje det var noko å begynne å informere om der og då. Rune Sæbønes kom og fekk orientering og tok bilde, så no kjem vi i avisa. Eg hadde pynta med med den raude kofta mi og det raude skjerfet som eg har fått av Marit.

I dag fekk eg verkeleg "køyrt meg" på "blindeføre", som Matias Austrheim snakka om. Eg for og snikla ned i Vik, før eg parkerte ved Spar. Eg skulle kjøpe ei svineribbe- eg skal ikkje steike den, men eg har salta den, og når den er ferdig til bruk, blir det ball- eller kanskje "erter,kjøt og flesk" som var den retten Nils alltid laga, og den var god. Trur ikkje eg klarer å få den like bra.

Då eg kom heim var tunet attsnødd, men eg kom meg inn i garasjen, sjølv om bilspora var djupe. Eg var trøtt og svolten, så eg tok meg ei brødskive og ein kaffikopp før eg fyrte i omnen og sette meg med pleddet eg fekk av Margrete rundt skuldrane og "småsov" ei stund. 

Eli hadde med seg spanskboka mi som eg la att på hotellet før jul så eg har lese litt i den. Trur ikkje det blir gjort noko her i heimen i dag  - og snøen skal berre få ligge til han smeltar av seg sjølv -  trur eg. I morgon er det fredag og fredagsvask-kanskje.

Eg er lei av snøen som kjem og fer heile tida.

På altanen er det spor av mange fugleføter. Eg har ikkje fått hengt opp fuglematen enno, for det er ikkje trygt å gå opp i gardintrappa så lenge der er så glatt, men fuglane har fått ein heil boks med gamle flatbrød.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...