onsdag, januar 19, 2022

Dagbok 2022: 19.januar


 Klokka er no 17.12, det er minus 4 grader og det snør og snør- I går regna det så det vart nesten bert, no er alt kvitt igjen, og det kan hende at somme er glade for det. Men ikkje dei som skal stille på møte klokka 10 i morgon tidleg, og som må moke snø før dei kan ta ut bilen. Trur ikkje det er hjelp i å moke i kveld-

Hittil var eg veldig nøgd med dagen, fordi eg hadde vaska veggane på gangen og vindfanget, det er ikkje slikt som skjer så ofte. Ikkje var her så skite heller, men kjekt å få friske opp litt. Det går så greitt å vaske veggar når eg har den gode gardintrappa mi. Taka får eg heller ta med moppen. Det er slutt på den tida eg står på borda og vaskar. 

Eg var så fornøgd med meg sjølv at eg laga meg god middag etter vaskinga , steikt ørret med poteter, grønsaker og rømme. Eg prøver å bruke det eg finn i dei mange frysarane mine, eg har litt lett for å hamstre.

Etter middagen vart det kvilestund med kaffi og TV, og etter kvart kom strikketøyet fram. No skal eg stryke nokre klede før eg gir meg for dagen, må spare på kreftene i tilfelle eg må moke tunet i morgon- og det må eg sikkert. At temperaturen skulle gå så mykje ned, såg eg ikkje på vermeldinga i går. I fjor på denne tid var det stabilt kaldt og snø og så kom sola fram. Den 19. var første dagen vi fekk den inn i stova.

Hittil i vinter har vi hatt mykje "julestemning".



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...