onsdag, januar 12, 2022


 Klokka er no 16.40, temperaturen ute er +9 grader C og det regnar og blæs- Men vinden er ikkje så sterk at eg merkar den når eg er inne. Eg var no budd på eit forferdeleg vêr etter det som dei melde i går, men her er det ikkje stort verre enn det plar vere, berre litt våtare.

Eg torde ikkje sette boss-dunkane opp til vegen i går kveld, så det var det første eg gjorde i dag. Eg hadde også planlagt å vaske ferdig veggane i stova og det er det eg har styrt med i dag. Å vaske veggane er no ikkje så mykje arbeid, men mykje skal ned og opp att. Og på vindusveggen er det 5 store vindu å pusse. Det skjedde berre ei ulykke og det var at eg velta bøtta med såpevatnet i kroken borte ved omnen. No er ikkje det så farleg for her er plastbelegg på golvet under teppet. Eg fanga  opp mesteparten av vatnetmed hjelp av handkle og små teppe som eg brukar å legge attåt veggen når eg vaskar. Og så fyrte eg godt i omnen då eg var ferdig.

Eg skal rense golvteppet , har eiga "rensemaskin"- men då må det helst vere vêr til å sette opp altandøra og lufte ut. Som før sagt vil eg gjere mest muleg husarbeid før det blir vår og hagearbeid. Eg likar å styre både i hus og hage -elles hadde eg vel ikkje gjort det.

Og så laga eg middag til meg sjølv i dag også. Eg har fulle fryserar med diverse. Blant anna hadde eg kjøpt noko oksekjøt ein gong; eg hadde brukt noko av det men det var få fullt av sener og feitt etc. så eg fraus resten. I går kveld tok eg det opp frå frysaren og skar det opp og steikte det. I dag laga eg ein gryterett av det. Eg tok det eg fann i kjøleskapet av løk,gulrot paprika etc. Og det blei faktisk godt. Eg kokte poteter til. God og mett sette eg meg inn i godstolen og slappa av utan så godt som ein strikkepinne i hendene. Sette på TV-en utan å følgje så godt med. No er klokka 17, og det er mørkt ute. Då blir det ikkje gjort stort meir i dag. Men eg har no sett på vaskemaskina-kan ikkje heilt unngå klesvask sjølv om straumen er dyr.

I morgon er det trening igjen, og då er det Marit sin tur å køyre. Og så skal vi handle på Spar. Eg kan ikkje handle så mykje, eg må bruke det eg har i hus. Trur eg. Det blir spennande å sjå korleis veret har arta seg andre stader, her er det ikkje så dramatisk i alle fall.






Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...