lørdag, juni 15, 2019

Dagbok 2019: 15.juni


Avskjedsgave frå Silje

Klokka er 19.35, temperaturen + 23  grader C, og vi har hatt enda ein nydeleg dag, med sol frå klår himmel. Som det går fram av mange av innlegga mine, har eg visse problem med å få nok søvn. I dag vakna eg klokka 5, etter tre timars søvn, og ville opp. Såg at vêret var nydeleg, men ville prøve å sove litt til. Det gjekk ikkje. I 7-tida skreiv eg melding til Marit om at eg ikkje vart med til Vik i dag, så tok eg to Paracet og la meg og sov til klokka var 10.  Det var ikkje med i planen , men eg fekk i alle fall sove meg ut. 
Eg venta Solveig i 14-tida, Øystein skulle vere på Åsentunet til lunsj, og ho ville ta ein tur hit. Før ho kom, rakk eg å fare fram på gravplassen og vatne og å handle på Kiwi.
Solveig hadde med seg mat, rundstykke og heimelaga sylte. Eg kokte kaffi og vi åt og prata. Sat ei stund på altanen. Solveig ville absolutt GÅ ned på Amfi, sjølv om eg baud til å køyre.
Etter at ho var reist styrte eg litt i hagen, vatna og reinska ugras, plukka inn og reinska rabarbra etc.
Eg må liksom halde meg heime, leigebuaren og mor hennar har vaska og rydda i kjellaren, dei skal reise i kveld. Her er ein mann med stor bil som tek med seg flyttegodset. Eg får neppe ein så roleg leigebuar att nokon gong. Men eg får ei ny jente neste skuleår og eg har helst på henne og vi er blitt kjende.
Ser i avisa på nettet at det var stor stemning i Gågata/Kunstgata før middag i dag, så det var litt dumt at eg ikkje kom meg nedover. Men gata ligg der og kunsten blir verande.
Eg trudde eg var ferdig med mønsterborden på jakka, men så viste det seg at der skal vere meir, så eg får strikke i kveld også. Arbeidslaus blir eg aldri.
I dag er det fødselsdagen til Hilde på Eid. Eg hugsar godt då ho vart fødd. Då budde vi på Melle og hadde postkasse borte ved vegen. Det kom eit kort frå Svein som fortalde at Audny hadde fått ei syster. Mamma var på besøk hos oss men då ho fekk høyre denglade bodskapen ville ho heim til Eid med ein gong.

Gratulerer med dagen Hilde Bjørg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...