søndag, juni 23, 2019

Dagbok 2019: 23.juni . Jonsokaftan

Jonsok på Eid. Bilda har eg funne på sida "Gamle bilete frå Eid" Kari Bjarmann har lagt dei ut.








Klokka er no ca. 17.50. Temperaturen er + 18 grader C, skyene held på å fjerne seg og vi ser sola av og til. Det er ei lette. Blir i betre humør når eg slepp regn og skodde. At det blæs litt er berre bra, så jagar vinden skyene bort.
I går kveld var eg litt sint på meg sjølv fordi eg ikkje hadde fått noko ut av dagen; det er no mykje å finne på sjølv om det regnar og ein er åleine heime. Til dømes kunne eg ha bakt brød. Sidan eg liksom hadde søndag i går, var eg litt meir aktiv i dag. Til dømes rydda eg i garnrestane mine, noko eg gjer både titt og ofte. Eg prøver alltid å finne ut om eg kan få diverse restar til å bli eit lestepar, eller så strikkar eg eit par brot og kjøper litt garn attåt. Eg er ikkje så flink som Solveig som heklar blomsterteppe av restar+ nogo attåt. Tre slike teppe har ho laga, alle med mykje meir enn hundre blomster.
Før, då eg var sprekare, brukte eg å vaske heile kjøkkenet på ein dag, først skuffer og skap, etterpå tak og vegger. Den tida er forbi, no vaskar og ryddar eg skuffer og skap etter behovet. I dag var det to skuffer som vart klarert.
Eg fekk melding frå Marit at skulle komme opp til henne, ho var heime åleine i dag, eg skulle komme etter kl.14.
Ca. 13.30 ringde Bodil og vi hadde ein hyggelig prat heilt til det var på tide å gå over gata. Marit og eg har prata oss nokså tomme rett som det er, likevel har vi alltid mykje å snakke om, ofte går vi langt tilbake i tid, og minne frå barne-og ungdomstid dukkar opp. Ho vaks opp her i Ørsta, og det er ikkje det same som å vakse opp på Eid.
I dag har eg fortalt henne om dei flotte jonsokfeiringane som vi hadde på Eid i mange år. Trur det var "Samklang" som organiserte. Samklang var vel støttegruppa til hornmusikk/skulekorps? Det var brudepar med hest og kjerre, musikktog gjennom gata og alt enda borte på Plassen der minnestøttene frå to krigar står. Mellom bjørketrea var det laga til danseflake. Rundt omkring var det sett opp boder der ein kunne kjøpe is, brus, pølser og rømmegraut. Vi hadde to bål, eit vart tent tidleg på kvelden, det andre seinare. Brudeparet kom køyrande inn på plassen, spelemann med fele gjekk først og etter vogna kom nokre som bar ein stor kasserolle med rømmegraut. Dette er slik eg hugsar det, og eg veit ikkje om det er rett. Eg veit heller ikkje kor mange år det var slik. Siste gongen eg var på Plassen ein jonsokkveld var i 1963, då var eg der i lag med søstera til Nils. Nils var på Island og fiska sild, og Solveig blei fødd den 3.juli det året, så feiringa var deretter. Men i tidlegare ungdomsår var jonsok betre enn 17. mai.

Dette teppet fekk Margrete til fødselsdagen sin i fjor av Solveig. Ikkje to "blomster" er heilt like.


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...