tirsdag, juni 25, 2019

Dagbok 2019: 25.juni



Klokka er 17.50, temperaturen er + 18 grader C og i dag har det vore ein grå dag. Skodde langt nedetter fjellsidene og regnbyger titt og ofte.
For meg har dette vore ein litt trasig dag. I går kveld var eg så trøtt at eg sovna fleire gonger framfor TV. Men då eg la meg fekk eg ikkje sove i det heile tatt. Eg tenkte på at eg skulle på trening, eg tenkte på Margrete og C0 som var på reise, og eg tenkte på at Linda skulle komme i dag. Det var no ikkje direkte vonde tankar noko av det. I firetida stod eg opp og tok meg eit knekkebrød og to Paracet og då sovna eg endeleg, vakna før klokka 7, men låg til nærmare 8. Det var like greitt at Marit køyrde i dag ! No ser ho bra, og så er ho no mykje flinkare å køyre enn eg. Ho har køyrt bil i alle år.
Det var siste treninga mi før sommarferien til fysioterapeuten. Eg kjem til å sakne treninga, for eg kjenner at det gjer godt, og eg meiner eg har blitt betre etter at eg begynte. Ein kan seie kva ein vil om å trene sjølv heime, men eg trur at apparat-trening er mykje meir effektivt.
Vi handla litt etter treninga før vi for heim.
Eg har sete mykje attmed datamaskina i dag, prøver å høyre ferdig lydboka eg held på med, mens eg strikkar langsmed.
Den nye leigebuaren min, Linda, er frå Oppdal, men har feriejobb i Olden. Ho jobbar som gaid. I dag hadde ho fri, så ho kom hit og såg på leilegheita og tok diverse mål. Vi diskuterte også kjøp og montering av oppvaskmaskin. Slike ting er litt vanskeleg for meg, sidan eg ikkje kan gjere noko sjølv. Men vi har ein plan.
Margrete, Amanda og Erlend kom fram til Reykjavik sist natt, etter å ha tatt turen om Milano og Paris, utan å sjå anna enn flyplassane. Det var litt av ein omveg ! No er dei innstallert på eit fint hotellrom i byen.
Eg synest det er kjekt at Marit kan køyre sjøl igjen, men er redd for at eg sjølv får for lite trening, eg får ikkje til å køyre utan at eg har eit "ærend".
I dag har eg akseptert at eg ikkje får gjort noko, så får eg ta att jobbane i morgon. Har litt meir plen som eg skal slå.
I går kveld då eg kom ut på trappa såg eg at den blå hortensiaen eg fekk av Silje, var heit ROSA. I dag var den ein mellomting av rosa og blått. Det har truleg med vatnet å gjere, den har stått mykje ute i regnet, men i går gav eg den også vatn frå springen.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...