tirsdag, oktober 29, 2019

Dagbok 2019: 29.0ktober

Klokka er 17.20, temperaturen er + 4 grader og det regnar så smått det meste av tida. Det merkast at vi har "vintertid", for det er heilt mørkt ute. Snøen held seg framleis oppe i fjella, og der kan han berre vere-treng ikkje å kome hit ned.
Eg var tidleg oppe i dag, så eg hadde god tid før eg skulle på trening. I dag var Marit med, men eg køyrde, elles plar vi køyre kvar sin gong. Eg begynner å kjenne skilnad på armane mine no, eg kuttar ut fleire øvingar som røyner på armane og få "behandlingsoppgåver" for armane i staden, eg trur det blir bra.
Då eg kom heim leita eg fram diverse ved og anna brennbart, prøver å rydde og brenne slikt som ligg og sleng. Det vart varmt og godt i stova. Eg er litt frostig.
Til middag i dag laga eg tomatsuppe med hardkokte egg. Ikkje sånn Toro-suppe, men ekte heimelaga med hermetiske tomatar + tomatpuré. Eg forstår ikkje vitsen med dei suppeposane, det er like snart å lage "frå botnen". Eg laga sjølvsagt så mykje at det blir ein porsjon i morgon også.
Sette på TV for å høyre nyheiter, og var nesten sovna då ei venninne ringde. Vi hadde ein hyggelig prat, og eg vakna til liv.
Elles har eg vaska klede og vaska opp. Det er litt rart å skrive det slik. Eg har fylt maskiner og trykt på knappar, sånne er det med den saken. Eg er så gammal at eg har vaska klede for hand, på vaskebrett, og eg har kokt klede i store panner på omnen, vaska og skylt for hand. Då var det ein skikkeleg jobb med klesvasken, no er arbeidet først og fremst å brette den ferdige klesvasken og legge på plass. Men det som er litt merkeleg er at det blir ganske mykje klesvask sjølv om eg bur åleine.
Å ha oppvaskmaskin når ein er heilt åleine er kanskje i overkant lukseriøst. Men maskina blir full  sjølv om eg er åleine, og så hender det av og til at eg har besøk.   Eg ser på både klesvaskemaskin og oppvaskmaskina som store goder for dei som steller hus og heim. Eg har levd i snart 80 år, og jammen har det blitt mange store endringar i den tida eg kan hugse. Og det meste har blitt betre.
Eg har altså ikkje gjort så mykje i dag, og det er berre å beklage. Eg skulle ha hatt nokre fine dagar ute i hagen og rydda til vinteren. Blomster og blad har vart lenge i år, så det var ikkje aktuelt å rydde opp tidlegare. Håper vi slepp snø med det første.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...