onsdag, oktober 30, 2019

Dagbok 2019: 30.oktober



Klokka er 17.50, temperaturen ute er + 3 grader, det er veldig mørkt alt. og i dag har det regna veldig mykje.Det er no årstida for slikt. Det har ikkje blitt gjort så mykje i dag heller, for å seie det pent.
I dag då eg vakna verkte eg overalt i kroppen, armar og bein, hofte og rygg. Men etter å ha vore oppe ei lita stund var eg ganske bra.
Etter frokost sette eg meg til å skrive ein liten epistel til avisa. Dei sender sjeldan og aldri tilbakemelding, så eg får ikkje vite om dei tek det inn  før avisa kjem.
Så shina eg meg opp og kledde meg om, for Marit og eg skulle på Bakk-Ola og vaksinere oss mot influensa. Vi er i den såkalla risikogruppa. Vi var ute i god tid, det var mange andre også. Det var eigentleg ikkje min tur i dag, men det gjorde ikkje noko. Etter sprøyta skulle vi halde oss i ro i 20 minutt-då gjekk vi i kafeen og kjøpte oss kaffi og kake.
Så vart det ein tur på Spar der eg fann mykje eg trong og diverse anna.
 Det høljregna heile tida, og då vi kom heim måtte vi sitte lenge i bilen før vi kunne gå ut. I dag var det Marit sin tur til å køyre. 
Ei stund etter at eg var komen heim, ringde Birte og vi hadde ein lang og hyggeleg prat.
Så var det tid for middag og eg hadde rikeleg mat med resten av tomatsuppa frå i går. I dag vart den enda betre enn i går sidan eg hadde kjøpt fløte og kunne tilsette ein liten skvett av den.
Eg vart veldig trøtt og søvnig etter maten, så eg sette meg attåt TV-en og halvsov ei stund. Då ringde Ingeborg og ville prate litt, så i dag har eg vore sosial på fleire måtar.
I går fraus eg, men i dag har eg kledd meg varmare, men fyrer i omnen i tillegg til varmepumpa. Leigebuarane er ikkje heime, og når det ikkje er varmt nede, blir det golvkaldt hos meg.
Dagane vart så mykje kortare no vi gjekk over til normaltid; dagane kortare og kveldane lengre.
I dag kjøpte eg meg litt garn på Spar, så no kan eg strikke eit lestepar om ikkje anna. Det verste for arma mi er å vere heilt i ro-då er det betre å strikke litt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...