mandag, oktober 28, 2019

Dagbok 2019: 28.0ktober



Klokka er 17.00, temperaturen er + 3 grader og det regnar. Ikkje berre det, det er nesten mørkt ute, så no får vi erfare at vi har "vintertid". Men eg er no glad så lenge snøen held seg litt på avstand.
Eg hadde avtale med ei venninne om at vi skulle gå på Vernet i dag om vêret vart bra- men det vart det ikkje. 
Det første eg greip til i dag var strikketøyet mitt. Eg strikka ferdig eit "plagg som skal hjelpe både skuldrar og nakke. Eg har gått med "selen" etterpå, og merkar i alle fall at den hjelper meg til å rette ryggen litt- og det trengs. Eg har sete og sett på bokhylla, den midterste hylla var noko salrygga, for der stod så mange tunge bøker. Eg hadde planlagt å sette dei bøkene nedst, og det gjorde eg i dag. Eg hadde alle bøkene fram og vaska hyllene, så no vart det litt betre. Eg har kasta ein del gamle bøker, og nokre har eg på andre rom. Eg tenkjer på kor glad eg var då eg fekk bøker frå bokklubben og kunne sette meg å lese. Fleire bokverk med mange oppslagsbøker etc. har eg ståande. Kven vil ha dei no? Ikkje ein gong Gjenbruk. Oppslagsverk har vi på data, andre bøker kan ein høyre på Storytel eller lese med augo på mobil. Og så har vi biblioteka. Derfor treng vi ikkje fylle opp huset med bøker. Men som alltid når ein ryddar, finn ein noko. I dag fann eg bruksanvisninga til Steiketakka mi, der var det mange oppskrifter på diverse som eg kanskje skal lage. Eller kanskje ikkje.
Eg fekk ein sekk ved på huset i helga, som eg måtte prøve i dag. Det var fin ved og ganske småkløyvd, noko som er ein fordel viss ein ikkje har opptenningsved. Eg har ikkje sett gjennom heile sekken, men eg trur det var mest bjørk. Eg kan hugse berre ein gong før at vi kjøpte ved. Nils var svær til å "skoge" og eg var ofte med, det var slikt arbeid vi likte. Eg skogar litt her på tomta, til denne tid har eg fyrt med plommetreet som datt ned i fjor. Det saga eg sundt sist vår. Vi har sjølvsagt varmepumpe, men somme gonger er det godt å ha litt i tillegg.
Etter at eg hadde ete restar frå i går til middag, tok eg meg på tak og støvsuga alle teppegolva. Det er noko av det verste eg skal gjere med tanke på høgrehanda. Men eg kom då i mål etter diverse pausar.
I morgon er det trening, og for å seie det forsiktig så er eg ikkje blitt verre i armane. Knea tenkjer eg lite på, for dei er bra. Berre der ikkje går hol på fleire cyster så går eg heilt fint no. Det er snart eit år sidan kne nr.2 kollapsa, det første "sprakk" i februar, same året. No kan eg gå, men er veldig glad for at eg har bilen. Det blir vel til at eg må trene armane friske også. Det er kjekt på treninga, det er dei samme som er i lag kvar gong, så vi blir kjende etter kvart. Der er ein god atmosfære. Spansken blir det ikkje noko av denne veka og sikker ikkje neste veke heller. Men neste veke blir det influensavaksine og Pensjonistmøte.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...