onsdag, oktober 23, 2019

Dagbok 2019: 23.0ktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er +12 grader, det blæs og regnar litt, men det er i alle fall ikkje så kaldt. Det er mørkt om morgonen når eg vaknar, så eg ser litt fram mot at vi skal stille klokka. Men så blir det tidlegare mørkt om kvelden, og eg veit ikkje om det er så kjekt heller. Eg plar seie at november er den trasigaste månaden i året, men den går vel like fort den, som andre månader.
I dag dreiv eg med litt baking og matlaging på føremiddagen, vil ha det meste klart til morgondagen, slik at vi får prata maksimalt. No er det så lenge sidan eg har prata med Bodil og Svein at vi har vel mykje å gå gjennom. Eg ser i alle fall fram til å få besøk. Det var ikkje spanskkurs i dag, fordi Eli skulle opererast. Håper det går bra med henne, dei er flinke med slike operasjonar i Volda. Vi er heldige som har sjukehuset så nær; det snakka vi om Marit U. og eg då ho kom bortom i går kveld. Men Volda sjukehus blir no stadig forsøkt nedlagt av styresmaktene. Eg håper vi snart får ei ny regjering som ikkje er så innstilt på sentralisering.
Eg hadde eit ærend på butikken, så eg tok ein tur nedover og kom att med to store bereposar fulle.
Ja, eg skal innrømme at det somme gonger er litt for mykje i kjøleskapet, særleg no når eg knapt greier å plassere noko høgare opp enn til andre hylla. Det blir litt rot, altså.
Eg åt middag, resten frå i går, og sette meg å legge kabal på datamaskina mens eg høyrde Storytel. Margrete meiner det er lurt. Men hovudet datt fram og ned -ofte, så eg tenkte det var betre å vere i stova i godstolen
Eg saga litt opptenningsved og fyrte i omnen, likar å ha det varmt, men vart ikkje mindre søvnig av det. Eg sov ikkje så godt sist natt heller, og vakna tidleg, så det er ikkje rart at eg blir trøtt. Og lydbøker gjer også at ein blir søvnig, men eg håper eg fekk med meg det meste av det eg las.
No skal eg eg lage meg ein kopp kaffi, slik at eg greier å halde meg vaken ei stund utover kvelden, det er vel litt å sjå på TV-en i kveld også. For oss som bur åleine er det veldig kjekt å ha TV-det har eg oppdaga no. Og særleg når ein har ein stor og fin skjerm å sjå på. Det unner eg meg sjølv.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...