mandag, oktober 14, 2019

Dagbok 2019: 14.oktober







Klokka er no 17.00, temperaturen er + 8 grader no, men det var frose på markane og taka og bilen i dag tidleg, så det er nok nattekaldt. 
Eg hadde tenkt å køyre bort på VØR med litt hageavfall i dag, for komposten er meir enn full nok. Eg rydda litt og sette sekkene inn i bilen - då kom eg på at det kanskje var glatt borte på andre sida, del sola ikkje skin, så eg slo i frå meg turen. Det var for kaldt å gjere noko i hagen, men eg fekk no gjort diverse småjobbar både ute og inne. 

Men så fall eg for freistinga og ville på Fonnvernet i dag også. Gjorde ein annan vri i dag; gjekk opp på toppen av Storebakken og gjekk opp til Fonnvernet derifrå . Gjekk runden og kom att på same staden. Der møtte eg to damer eg kjenner, begge med hund og eg gjekk i lag med den eine ned att , då cruisa vi på Vallabø-vegane. Det er kjekt å prate med folk, og få frette litt nytt om felles kjende.
Då eg kom heim var klokka ca. 15.30 og det var tid for mat. 

Elles er det mykje eg har lyst å gjere som eg ikkje kan drive med no, til dømes strikking. Eg har eit lite arbeid liggande som eg strikker nokre pinnar på av og til, men eg kan ikkje halde på som før. Det er mykja anna også eg ikkje kan drive med, så eg føler meg litt unyttig rett som det er. Men så seier eg til meg sjølv at eg klarer meg nokså godt åleine, treng ikkje å be om så mykje hjelp. Det er noko det også.

Bodil har tinga time hos optikaren her i Ørsta den 24.okt. Då kjem ho og Svein oppover og Svein vil sette på heilårsdekka mine, håper eg ikkje får problem med hålske før den tid. I morgon skal eg på trening 10-11. På ettermiddagen kjem Einar ein tur innover, så då skal han og eg kose oss med kjøttkaker. Det er eit must når Einar kjem. Lenge sidan sist no. Eg håper på mildare vêr  utan glatte vegar, for onsdag er det spansk-kurs. Eg kjenner at eg er blitt avhengig av bil, men eg greier no å gå viss det blir heilt nødvendig, men eg bør helst ikkje gå så mykje på asfalt. På Fonnvernet er det grus!
No er vi snart midt i oktober og lauvet heng på trea enno, endå så tidleg det kom på.Eg brukar å fare over med grasklipparen etter at lauvet har fall av, men det kan bli seint i år.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...