torsdag, august 22, 2013

Dagbok 2013: 22.august

Klokka er snart halv ni, og det er ikkje så lenge før sola blir borte her vi bur. Det varte og rakk før ho kom fram også, så det er berre på ettermiddagen det har vore skikkelig fint. No er det ikkje ei sky på himmelen, og temperaturen er + 14 grader C.
I dag var vi oppe i rimelig tid, og Nils hadde seg ein tur på sjøen. Han fekk både sei og makrell, som han delte med naboane. Dei største seiane heldt han av til oss sjølve.
Vi tok ein lett lunsj, og så var vi ein snartur nedover. Eg hadde lova å levere bøkene tilbake på biblioteket i dag, så eg måtte halde det eg lova. Då vi kom heim la vi oss på solsenga ei stund før det vart plenslått. Eg får lov å køyre nokre runder fram og tilbake, eg også, men klipparen er tung å snu og manøvrere.
Elles har eg gjort ein del husarbeid i dag også, blant anna har eg gjort klart gjesterommet, for i morgon får vi to små(?) overnattingsgjestar. Elles så hadde eg 2 1/2 banan som song på siste verset. Hugsa at Solveig hadde ei banankake på bloggen, men sidan eg mangla litt på å ha alle ingrediensane, fann eg ei anna kake på nettet. Eg "tilpassa" den til det eg hadde "for hånden", og kaka ser fin ut. I morgon skal vi smake den, og om den held mål, skal eg legge ut oppskrifta. Det som er med banankaker er at ein kan smaksette dei om lag som ein vil.
Eg har lese ein del i boka mi i dag også, så det blir ikkje så lenge før eg er ferdig med den. Krimromanar må ein lese litt fort, elles blir det berre kjedelig.
Middagen i dag vart sjølvsagt kokt småsei, det er ei stund sidan sist.
I går kveld chatta eg med Ingeborg, og eg var inne på Google Earth og fann huset der ho og Sandra bur. Det er så velsigna med alle desse digitale hjelpemidla vi har no, at ingen er langt borte frå oss, sjølv om avstanden er mange mil.

1 kommentar:

solveig sa...

Ja, det er mykje lettare å halde kontakt med folk enn det var! Før var det både tungvint og dyrt å ringe heim. No kan ein sende meldingar på face og så svarar folk når dei vil.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...