tirsdag, august 27, 2013

Dagbok 2013: 27.august

Klokka er no snart 20.00. Ute har det begynt å regne etter at det har vore mørkt heile ettermiddagen. Temperaturen er + 15 grader C.
I går var vi flinke og flittige, men i dag har vi gjort lite og ingen ting. Før middag var vi ein tur til Vik. Vi gjekk gjennom heile Gågata, utan å treffe særlig mykje folk. Folk treffer vi på Amfi, og det vart mykje prat med kjentfolk i dag. Fekk kjøpt meg ei ny varselklokke til kjøkkenet, dei to vi har juksar rett som det er.
Det var ikkje så mykje mat vi hadde behov for, men litt hamna i korga i dag også.
Det er ei skam å seie det, men eg har ikkje gått gjennom heile hamneparken før i dag. Nils har vore der og fiska, så han var kjent, men ikkje eg. Veldig fint var der.
Vi hadde tatt opp frå frysaren fiskekaker som vi fraus sist eg laga nokre som eg var så fornøgd med. Men kva er det som skjer med fiskekakene i frysaren? Dei vi hadde i dag likna meir på seige viskeler enn på dei luftige kakene som eg laga. Kva er det eg gjer gale? Fiskekakene lagar eg  etter oppskrifta til Wenche Andersen i TV 2.
Etter at vi hadde slappa av litt og drukke kaffi, gikk eg ein trimtur; det er ei stund sidan sist eg var ute og vandra. I går trimma eg med grasklippar.
Bildet over fekk eg frå Kjartan i dag. Han tok bilde av oss andre etter kvart som vi prøvde oss på blinken. Det var altså sist sundag.

4 kommentarer:

solveig sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
solveig sa...

No har eg sett det og. Mamma med gevær! ;-)

Besta sa...

Ikkje berre det-eg skaut best av alle. Blink på første skot. Så eg skaut ikkje fleire gonger.

Hildegard sa...

Morsomt bilde. Vi har også luftgevær på hytta, og det har vore mange tøffe duellar med barnebarna etter kvart som dei er blitt store nok til slik aktivitet.
Eidabesta

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...