torsdag, august 15, 2013

Dagbok 2013: 15.august

Klokka er 19.30. Temperaturen ute er + 20 grader C og sola skin framleis. Då vi vakna i dag tidlig var himmelen blå og utan ei sky. Etter middag skya det over litt, men så kom sola att. Alt i alt ein nydelig dag.Bildet over er tatt i 10-tida på føre-middagen.
Har ikkje gjort noko særlig i dag. Berre plukka litt rips og laga middag. I dag var det steikt makrell. Etter middag låg vi på altanen, sov litt og eg las i lydboka. Elles har vi rusla rundt og ete bær og prata med naboar etc.
Raijsa har vore litt meir aktiv, ho har vore både på Saude-hornet og på Vallahornet.
I dag reiste Ingeborg til Kristiansand, dvs. dei skulle overnatte på Vinstra. Det er trist når barn forlet reiret, men verre om dei aldri vert i stand til å fare ut i verda. Godt at dei er to som skal vere i lag. Vi ønsker dei lykke til i alle fall.
I år har eg kjøpt mange potteroser og planta ut, men også ei vanlig rosebuske, og eg angrar ikkje på den. Håper den vil overleve komande vinter.

2 kommentarer:

solveig sa...

Til våren får vi minne kvarandre på å kjøpe rosebuskar!

Besta sa...

Grunnen til at eg kjøpte potteroser var at eg ville ha noko som blomstra med ein gong, og dei var ikkje dyrare enn t.d. spanske margerittar.

Dagbok 2024: 20. desember

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er 0 grader og det verken regnar eller snøar akkurat no. Sist natt kom det såpass mykje snø at det var...