tirsdag, august 13, 2013

Dagbok 2013: 13.august

Synest det er rart at klokka alt er 19.15, dagen har no berre så vidt begynt !
Ute er det skodde og regn og temperaturen er berre +13 grader, men vi fyrer litt i omnen og ventar på ein strålande dag i morgon.I følge yr.no
I dag måtte eg ein tur på biblioteket sidan eg hadde fått melding om at nye bøker venta på meg der.
Men før vi reiste nedover laga eg ein god porsjon rømmegraut. Då Ingeborg var lita og hadde store mandlar, var ho så glad når eg koka rømmegraut til henne, den glei så lett ned. No skal ho snart reise til Kristiansand for å gå på skule, og ville komme hit og seie ha det før ho for. Ho er framleis glad i rømmegraut, så eg tykte det høvde i dag. Litt nostalgi får ein unne seg når dei unge flyg ut or reiret.
Hugsar som om det var i går den dagen Margrete reiste til Kristiansand for å studere, ho var også 20 år. Men sidan den gongen har vi fått mobiltelefonar, Internett, mail, Face Book etc. så ein kan ha kontakt med folk same kvar dei er i verda. Ingen er så langt borte at ein ikkje kan ha daglig kontakt.Det er berre fantastisk.
Etter at vi hadde vore på biblio og dessutan handla litt på nærbutikken, gikk vi ein liten mosjonsrunde mens vi hadde ytterkleda på. Turen vart ikkje så lang, og det regna, så det nyvaska håret mitt vart sjåande ut deretter.
Då vi kom inn att sette eg i gang med å rippe alle dei tre bøkene eg hadde lånt, så no har eg litt å bryne meg på. Eine mysteriet etter det andre.
Margrete og Ingeborg kom klokka 16.00. Vi serverte spekemat med poteter og litt potetsalat før vi gikk over til graut.
Eg kunne ikkje anna enn tenke på draumen eg hadde sist natt. Eg var til legen, og legen sa: "Sist du var her vog du 3 1/2 tonn!"- Eg svarte: "Det gjer eg no også!"

4 kommentarer:

arieldog sa...

Takk for nydeleg graut! Eg hugsar òg den dagen eg reiste til Kristiansand, og det gjekk opp for meg at eg skulle reise heimanfrå for første gong på noko anna enn ferie. Eg grein til Stryn.

Besta sa...

Og eg vaska frå ca 5 om morgonen til 22 om kvelden. Rydda ut av og vaska ned kjellarleilegheita.
Sjølv reiste eg heimanfrå då eg var 18, men ikkje så langt.

solveig sa...

Kjenner att kjensla! Eg og får unna mykje praktisk arbeid når studentane fer.

Besta sa...

Mykje god terapi i grønsåpevatn.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...