onsdag, august 28, 2013

Dagbok 2013: 28.august.

Klokka har passert 21.30 og eg kom nettopp inn att frå kveldsturen min. Ute er det skya og opplett, men berre+10 grader C, det kjendest veldig kaldt ut.
Det har ikkje hendt all verda i dag heller, men det er heilt greitt. Før middag tok eg eit tak på stova, med støvtørking, støvsuging og litt ommøblering.
Mens Nils var i Volda til kontroll strikka eg litt og las i boka mi. Då han kom heim, åt vi litt og la oss på altanen for å kvile, men det vart snart for kaldt, så vi gikk inn att. Eg fann nokre klede som er strauk osv. Og sånn går nu dagan.
I dag las eg ut siste boka til Jørgen Brekke, den kan de lese om her. No har eg begynt på ei veldig kort krimbok av Henning Mankell, den er på berre 3 CD-plater. I morgon er det langope på biblio. Elles så har eg nokre MP3-plater liggande, men dei får eg ikkje lagt inn på MP3 spelaren( type iPod)- så då må eg sitte eller ligge i ro mens eg les.Det likar eg ikkje så godt.

2 kommentarer:

solveig sa...

Spørs om eg skal gjere eit forsøk. Eg får det til på min.

Besta sa...

Eg fekk det til første gongen eg prøvde. Og dett var dett. Men det er eit anna problem også - det er at det "aldri" stoppar om ein ligg med bok på øyret når ein skal sove.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...