fredag, august 30, 2013

Dagbok 2013: 30.august

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 19 grader C, det er lettskya og fint, slik det har vore det meste av dagen.
Eg veit ikkje kva som har stukke meg i dag, men eg har liksom ikkje kome i gang med noko som helst.
Før middag var vi på ei handlerunde. Blant anna var vi på Felleskjøpet på Rystelandet for å kjøpe vaskepulver og toalettpapiri store mengder.Når vi er på hi sida, må eg alltid ta bilde av fjellsida her vi bur.Etterpå var det apoteket og Coop på Amfi. Der hadde den nye Kitch n butikken opna dørene, men utan at eg gikk inn. Har eigentlig nok av det meste. Sidan vi ikkje fekk alt vi skulle ha på Coop, blei det ein tur på Spar også.
Til middag i dag hadde vi ikkje tenkt ut noko, så det blei til at eg rota i hop ei pannekakerøre.
Håkon var innom på veg heim, for å få med seg fiskefarse til mora, som kanskje må lage blandaball?
Eg vart liggande på sofaen å lese etter middag. Begynte på "Brobyggerne" av Jan Guillou, den var veldig fengande, vanskelig å legge frå seg ; spørs om det varer ut dei 19 CD-platene.
Vi har ingen spesielle planar for helga, men vil i alle fall ønske alle ei GOD HELG !
For dei som ikkje er på FB kan det vere artig å sjå at Ingeborg har møtt Jens i dag. Litt artig at Margrete også hadde eit møte med han - i 1985; då var han nettopp blitt valt til leiar i AUF. Margrete diskuterte skulepolitikk med han, og dei var ikkje enige. På den tida hadde Margrete ein draum om å bli stats-minister, heldigvis gav ho opp den planen.Jens var i Kristiansand i dag, der han mellom anna møtte AUF-arar.

3 kommentarer:

solveig sa...

Alt er innkjøpt til blandaballj, ja.

Hildegard sa...

Historisk bilde av Ingeborg og Jens. Blir det eit regjeringsskifte som vil vare perioden ut, er det vel mest sannsynleg at Jens og Jonas blir headhunta til større oppgåver internasjonalt.
Eidabesta

Besta sa...

Eg vil ikkje ha regjeringsskifte. Forstår ikkje korleis dei skal klare å bli enige innbyrdes på høgresida.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...