tirsdag, august 20, 2013

Dagbok 2013: 20.august.

Klokka er 19.45. Temperaturen ute er + 14 grader C, det er overskya med ein og annan regndrope. Tidlegare i dag regna det skikkelig.
I dag har eg vore husmor. På føremiddagen sette eg to brøddeigar, og mens brøda heva og steikte vaska og rydda eg nokre skuffer.
Vi berre måtte smake det nysteikte brødet, så det vart lunsj i staden for middag. Etter på slappa vi av , eg las lydbok, og så har eg fått meg eit strikketøy igjen. Det er eit teikn på at hausten nærmar seg.
I dag kom det blomster på døra- til Nils. Det var frå nokre naboar som på denne måten takka for fisk dei har fått. For ordens skuld vil eg opplyse om at Nils på ingen måte ventar seg motytelsar for fisk han gir bort. Men blomstrane var fine, dei. No står dei på trappa og lyser opp.
Eg gikk ikkje tur i går, så i dag tok eg meg ein litt lang tur opp i skogsvegane. Etter kvart no burde eg prøve meg på lengre turar, men det er alltid noko som buttar imot. Fann litt bringebær her og der som eg måtte ete. Det er store mengder med villbringebær i år, for dei som veit kvar dei skal leite.
Då eg kom heim hadde Nils middagen klar, det var restar frå i går, men nykokte poteter.
Er komen godt i gang med den andre krimboka av Thomas Enger. Las ei plate før eg gikk ut, og ei plate på turen.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt med godt naboskap og fersk fisk er ikkje å forakte, sjå berre prisane i fiskedisken på butikken. Nils er flink å stelle fisk. Søndag kjempa eg med 3 bra store seiar som Svein fekk laurdag kveld, så eg veit ka eg snakkar om... Elles tykkjer eg no at du må lytte til lydane i naturen når du går tur, men du gjer vel det også?

Besta sa...

Eg høyrer alle lydar i naturen, sjølv om eg har bok på øyret, og rundt omkring i byggefeltet er det ikkje så mykje å lytte til.Ja, eg er glad eg slepp å filetere fisk. I Sula er ikkje det kvinnfolkarbeid.Heldigvis. Trur ikkje eg hadde fått det til.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...