mandag, august 12, 2013

Dagbok 2013: 12.august

Klokka er 19.45, temperaturen ute er + 12 grader og vi har fyrt i omnen. Det er overskya, med skodde og regn. Men det er lenge til hausten enno, og vi ser fram til mange fine dagar. Det gjeld å vere optimist.
I dag er vi litt ute av kurs, har nettopp drukke kaffi etter at vi hadde sein middag med tilsvarande sein middagslur.
Før middag var vi ein snartur på Amfi og handla div. medisinar og mat. Alltid noko ein treng.
Då vi kom heim gikk vi ein tur rundt Storebakken mens vi likevel var "påkledde".
Eg har sett meg som mål å fylle opp fryseskapet med bakevarer, så i dag laga eg to kakebotnar. Mens siste kaka steikte, laga eg fiskekaker til middag. Laga berre ein porsjon i dag, og brukte foodprosessoren. Ærlig talt vart kakene betre enn dei eg plar lage (samme oppskrift)-dei vart luftigare og meir porøse, så dette kjem eg til å gjere oftare. Hadde noko fisk som vi ikkje hadde frose. Vi et veldig mykje fisk og fiskemat, men det er fordi vi likar det!
Nils har funne noko sport på TV i dag også, så eg får ty til lydboka mi.
Elles skjer det ikkje så mykje her når vi ikkje kan vere ute og styre på. Men i morgon ventar vi besøk av Ingeborg og Margrete. Ingeborg skal jo snart reise til Kristiansand for å gå på skule der. Det er langt borte, men eg har trua med at vi skal kome på besøk. Vi reiste jo til Bodø og besøkte Einar då han var der.
Elles så nærmar det seg skulestart for mange, men ikkje for meg. Eg ser fram til meir ferie.

2 kommentarer:

solveig sa...

Fiskekaker er best når dei ikkje har vore frosne! Og det er vel ein uvane ein har at det skal lagast så store porsjonar?

Besta sa...

Der er eg heilt enig.Det er lenge sidan eg har laga store porsjonar. Men det er gjerne slik at ein somme gonger har tilgang til mykje fisk som skal takast vare på, og så er det andre gonger ein ikkje har noko. Fiskekaker som har vore frosne er ikkje så gode som nylaga.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...