mandag, august 19, 2013

Bok nr. 43 - 2013: Skinndød

Skinndød
Et enslig telt på Ekebergsletta rommer liket av en halvt nedgravd kvinne. Hun er steinet til døde, hun har piskemerker på ryggen, og den ene hånden hennes er hugd av.
Nett-journalisten Henning Juul mistet sin sønn i en brann for to år siden. Nå er han tilbake på jobb, og blir satt på Ekeberg-saken. Det tar ikke lang tid før politiet har en mistenkt, men Juul forstår raskt at det hele er langt mer sammensatt. I sin jakt på svar havner han i brutale menneskers søkelys. Da et nytt drap finner sted, blir det klart for Juul at han må finne sannheten før enda flere liv går tapt. Inkludert hans eget. Skinndød er første bok om krimhelten Henning Juul.

Ein ny krimforfattar som ein har store forventningar til, særlig etter den gode debutboka. For bra er den, sjølv om den ikkje kjem opp til dei virkelig store.
Eg er som kjent nokså lei av krim, og eg veit ikkje om eg heilt kjøper denne histria. Mitt spørsmål er:" Kva er stort nok, alvorlig nok, til at ein kan ta liv?" Eg meiner det skal veldig mykje til, men i virkeligheita ser ein stadig at folk blir myrda tilsynelatande utan grunn. Då snakkar vi om affektdrap, og det er noko eg kan forstå til ein viss grad. Men kaldblodige drap som blir nøye planlagt, har eg mindre forståing for.
Henning Juul som er hovudpersonen i boka, ber på ei stor sorg, og vi møter han på første arbeidsdagen etter sjukepermisjonen. Skildringa av Henning og tankane hans er det eg likar best med boka.
No har eg bok nr.2 i serien klar og skal snart begynne på den.

2 kommentarer:

bodilingeborg sa...

Du er godt inne i krim-sjangeren etter kvart. Eg har nett lese "Nådens omkrets" av Jørgen Brekke. Kjøpte dvden til red. pris på Libris. Kanskje du har lese den? For meg ser det ut til at det er slutt på "den snille krimmen", som Amanda likte, og eg føler meg ikkje heilt komfortabel med denne nye sjangeren. Må vel venne meg til den...
Eidabesta

Besta sa...

Nådens omkrets har eg lese for lengst. Synest Jørgen Brekke er ein av dei betre. Det at eg les så mykje krim kjem av at det er mykje krim som blir lese inn på lydbok. Likar ikkje all den moderne krimmen, men Agatha Christie er ute på dato.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...