fredag, august 01, 2014

Dagbok 2014: 1.august.





Klokka er 20.30, temperaturen ute er + 17 grader C, det er lettskya og fint. Håper vêret blir like fint i morgon når folk skal springe om kapp frå småbåthamna til Saudehornet. Trur ikkje eg stiller i år heller.
I dag reiste karane på sjøen sekundet før eg stod opp. Eg gikk no her og smårydda, visste ikkje kor lenge dei blei vekke. Laga ei vaffelrøre på vona dei ville ha ein kaffikopp når dei kom heim osb.
Eg veit ikkje kor lang tid det tek å dra inn 900 meter line, og så hadde dei teiner ute etter krabbe også. Då dei kom heim var det stor stas, dei hadde fått mange store fiskar; langer, brosmer og lyrar. Heldigvis hadde dei ikkje fått småfisk, for den er det mest arbeid med.(Nils har store kveiteonglar på lina og store agn.)
Kaffi og vaflar vart godt motteke, og så var det krabbe som skulle kokast. Tre gongar fylte han den store krabbepanna, men det var ikkje så mykje å glede seg over, det var ikkje mat anna enn i klørne. Eg åt berre litt, og så begynte eg å føle meg uvel. Sidan eg blir dødsens sjuk om eg et hummar, toler eg kanskje ikkje krabbe så godt heller?
Vi måtte sjå litt fotball i dag, sidan Hareidgutane sitt 7-ar lag kom til finalen i Norway Cup. Dessverre tapte dei.
Det vart mykje arbeid og rot med all fisken, og eg lurte på korleis det vart med middag. Jau, dei skulle ha steikte skatevingar ! Nils skar ut dei aktuelle stykka av skata og eg steikte fisk, kokte poteter og raspa gulrot. Både Nils og Audun åt skatevingar og påstod at det var godt, eg avstod frå delikatessen. Har smakt sorten før. Audun åt loff med krabbe som rett nr.2, og så drakk i kaffi og åt is. Det skal ein god rygg til å tole gode dagar,seier dei, men jammen treng ein god mage også.
No har Audun reist ut att til Hareid. Han skal jobbe eit par dagar før han reiser til brakkeliv på Elverum.
Eg rydda kjøkkenet, fekk på oppvaskmaskina og grønsåpevaska golvet, så no luktar det ikkje krabbe overalt lenger.
Nils hadde hengt opp fisken i garasjen, og har no begynt å filetere så smått. Det er kjekt å få mykje fisk i hus, men jammen er det mykje arbeid før den ligg i frysaren. Heldigvis er det Nils som tek det arbeidet; eg hadde ikkje sleppt til om eg ville.
No ønsker eg alle ei god helg-no må vi nyte kvar sommardag vi får.
Rasmus med fam. reiste frå Rygge til Mallorca klokka 19.20 i kveld.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...