Lommerosk
Klokka er19.00, temperaturen ute er +18 grader C, det er lettskya med litt regn av og til. Før middag var det sommarleg og fint.
I dag starta eg dagen med rydding og støvsuging. Då eg var ferdig var vi ein tur nedover, både på Amfi og i gågata. Vi kjøpe faktisk ingen ting, men trefte mykje kjentfolk å prate med. Det var mykje folk i sentrum i dag på grunn av "Saudehornet rett opp". Eg hadde kledd veldig godt på meg, så eg vart rimelig overoppheta etter kvart.
Då vi kom heim åt vi lunsj og så måtte vi kvile litt. Nils har hatt ei travel veke, og eg følte det som eg hadde gått 10 mil. No er vi utkvilde og i bra form.
I dag har Eirik og Lommerosk spelt i Fosnavågen, vi var der ikkje, men eg håper det gikk bra likevel.
Rasmus er vel framme på Mallorca. Det meste av det eg "fortel" har de vel alt lese på FB. Det er kjekt med FB, men når ein møter vennar, har ein ikkje mykje nytt å fortelle. nils trefte mange som var interesserte i å høyre om "Den store fiskefangsten".I dag fann Nils to modne plommer i hagen.
Ingar på Mallorca.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026 : 7.oktober
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er + 8 grader C, Og i dag har det vel stort sett vore opplett. Eg har knapt vore ute for døra, så eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar