søndag, august 03, 2014

Dagbok 2014: 3.august.

Klokka slo nettopp 11 slag, dvs. at den er 23.00. Temperaturen ute er + 18 grader, det har vore litt skyer og litt regn i dag, men mest fint.
Vi gikk her og rota på føremiddagen, før vi bestemte oss for ein biltur rundt Dalsfjorden og til Fyrmuseet.Tok 12.30 ferja frå Volda, og køyrde som planlagt; det er mange år sidan vi køyrde rundt fjorden, men det var ein fin tur. Vi fekk ei fin og grundig omvising på fyrmuseet på Dravlaus, men tykte det var litt snippe å ta Lauvstadferja tilbake, så vi køyrde inn til Syvde og vidare til Fiskå og Åheim. Sidan vi køyrde over fjellet til Åheim for mindre enn ei veke sidan, tok vi no vegen om Selje, der vi åt middag på ein kafe. Så var det rundt alle pollane og inn på vegen til Eid. På Eid stoppa vi og besøkte Bodil og Svein. Då vart det kortaste vegen heim, over Stigedalen. Stoppa ei lita stund hos Margrete og Charlie. Etter så mykje bilkøyring siglar eg framleis, så eg får utsette å legge inn bilde til i morgon. No må eg finne litt mat.
Det er Solveig og Øystein sin bryllaupsdag i dag- og dei feirer dagen i London. Dei kjem heim i løpet av morgondagen.
                                            Steinsvik

Rasmus Olai Steinsvik (født 22. september 1863 i Dalsfjord, død 22. juni 1913 i Kristiania) var en norsk journalist, forfatter, nynorskforkjemper og redaktør. Han begynte tidlig sitt arbeid med frihet for alle, nasjonal selvstendighet og norsk målreising.
Rasmus Steinsvik var redaktør for avisen «Den 17de Mai» fra 1893 og frem til han døde i 1913. Tirsdag 9. januar i 1894 kom første utgaven av Den 17de Mai. Sammen med Arne Garborg var han grunnleggeren av bladet.
Han var gift med forfatterinnen Marta Steinsvik fra 1896. De var foreldre til redaktør Kjell Steinsvik og besteforeldre til industrilederen og museumsmannen Kjell Rasmus Steinsvik.

Bildet øvst i innlegget er frå Steinsvika inst i Dalsfjorden. Der fann  vi også dette fine gardstunet, med steinen som ungdommen i Volda hadde reist til minne om Rasmus Steinsvik.Gravsteinen hans står i Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Steinsvik er ei vakker bygd, men akkurat no er der mykje rot. Eg trudde fyrmuseet var i skulehuset som ikkje lenger er i bruk som skule, med det bygget hadde Marine Harvest overteke og brukt som anleggsbrakke mens dei bygger eit stort og ruvande smoltanlegg på land.
Frå byggeplassen kunne vi sjå bort til nabobygda Åmelfot, der Tussa har bygt eit stort kraftverk i elva Åmela

Dravlaus
For nokre år sidan vart skulen i Steinsvika lagt ned, og elevane blir no frakta ein ganske lang og kronglete veg til Dravlaus der det er ein ny og flott skule. På Lauvstad sender dei ungdomsskule-elevane til denne skulen, men har oppretta ein kristen privatskule for barneskuleelevane. Det er 5 km frå Lauvstad til Dravlaus. Dette fekk vi vite då vi besøkte Fyrmuseet på Dravlaus; det ligg vegg i vegg med den store, flotte skulen. Tussa som har kraftverk på begge sider av fjorden han gitt dei pengar til ei stor flott grasbane , med tunnel inn til garderobane.
Sjølv om vi var berre to, fekk vi "full pakke" på fyrmuseet, med film,  fyrhistorie i ord og bilde, pluss at vi fekk sjå fyrlykter av ymse slag og andre ting som vart brukte.Omvisaren var svært kunnskapsrik og flink å formidle. Det var veldig interessant.Vi betalte 120 kr for to billettar.
Filmen fekk vi sjå i ein amfisal med plass for 80 personar. Den kan også skulen bruke.










På dette siste bildet frå museet, ser de ei "dykkermaskin"- med denne produserte dei luft til dykkerane under dykking.
                                  Fotballbana ved skulen.
Den mest lettvinte måtenå kome til Fyrmuseet på om ein bur her i Ørsta, er å ta Lauvstadferja, då er det berre 5 km å køyre.
                                               
                                               Selje
Det første vi gjorde i Selje var å køyre bort til heimen til kunstnaren Kjell Stig Amdam. Der stod Skilt med GALLERI, men på porten stod det STENGT. Eg har vore der ein gong før, men det har kome fleire nye hus sidan den gongen. Frå denne staden ser vi Stad, men vi ser også vindmøllene på Kvalheimsfjellet.
Vi stoppa i sentrum og kjøpte oss middag. Vi plar som regel kjøpe pizza eller "kinamat" når vi er ute og fartar, men denne gongen åt vi "norsk". Forstår ikkje kva som gjer det, men norsk mat på kafear er nesten ikkje etande. Det har vi opplevd ikkje ein, men mange gonger. For ikkje å henge ut nokon, legg eg ikkje ut namn på kafeen vi åt på denne gongen, Men det var ikkje hotellet.
Det var relativt stille i hamna, men på sandstranda var det mange som bada. Vêret hadde etter kvart blitt finare og varmare.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...