onsdag, mars 16, 2016

Dagbok 2016: 16.mars

Klokka er 21.00, temperaturen er +2,5 grader C. Vi vakna til fotsid skodde, men det letta etter kvart, og i 14-15-tida skein sola frå nesten skyfri himmel. 
Nils og Kjell for på sjøen i halv ni-tida, så eg nytta åleinetida til å bytte på sengane og vaske golva, så no er vi klar til å ta helg.
Fiskefangsten var ikkje så stor, småsei er der flust av i sjøen, men det er grenser for kor mykje vi vil ha av den sorten. Kjell har to hundar, så han tørkar fisk til dei. Vi hadde kokt småsei til middag, og somna som stein etterpå. Fisk er bra sovemedisin. den største seien skal vi steike ein av første dagane, best før frysing.

I dag var vi invitert til musikal på Folkestad skule, det var 10. klasse som stod for programmet. Vi hadde bestemt oss for å ta ferja 18.30, men då klokka var 18 sjekka eg nettet, og der var det ikkje sett opp ferje 18.30. Programmet skulle begynne klokka 19, så det var berre ein ting å gjere:  Køyre rundt fjorden!
Det var i ein viss fart vi for ut dørene, for vi trong tida. For sikkerheits skuld sende eg ei melding til Margrete, slik at ho kunne stoppe programmet til vi kom. Det såg litt svart ut ei stund, men så oppdaga vi at klokka i bilen var 8 minutt for snar. Vi nådde fram i god tid, men kva møtte vi då vi nærma oss Folkestad? Jau, ferjekøen frå 18.30-ferja ! ? Som altså gjekk likevel.
Musikalen var eit forrykande show med song og dans. Det som batt i hop programmet var ei tidsmaskin som gjekk heilt tilbake til 1950. og stoppa på alle 10-tal fram til år 2000. Vi fekk songar frå alle ti-åra. Det vi aldri kjem til å gløyme er nummeret "Ghostbusters" der  "spøkelser" i store kvite laken- vart jaga rundt i salen svevande på segways. Håper Margrete har bilde.
Dei er ikkje meir enn 13 elevar i klassen, så alle fekk vere med på mykje, og det er heilt utruleg at der er så mange gode artistar på ein såpass liten skule. Lars var lydmann og hadde Erlend som assistent i dag.
Etter programmet fekk vi kjøpe god mat og kaffi til inntekt for klasseturen til 9. klasse. Eg åt godt for å støtte ei god sak.
Heim att tok vi ferja i lag med Ruth og Harald.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...