onsdag, juli 01, 2015

Dagbok 2015: 1.juli.


Klokka er 21.30, temperaturen +22 grader, og sola skin på Melle. Vi vakna til ein grå dag med plaskregn, men det kom seg etter kvart.
Nils hadde avtale med Eirik, som kom i 11-tida. Då reiste dei ut for å sette liner, og fiske litt med snøre. Dei kom heim att med agn-mort. No er dei ute og dreg lina, dei skulle no vere ventande heim om ikkje så lenge.
Eg har altså vore heime åleine det meste av dagen, og ikkje har eg "gjort" så mykje heller.Var ute i hagen og reinska litt ugras, og dett var dett.
Før middag laga eg blomkålsuppe og pannekakerøre.Litt uvant kombinasjon, men mannfolka protesterte ikkje. Eg har ved fleire høve hevda at det skal vere ertersuppe og pannekaker, men så hadde eg kjøpt blomkål på tilbod, og dei måtte eg bruke opp. Eg veit sjølvsagt at Eirik likar det. Det varte og rakk før dei kom att, så eg begynte å steike pannekakene. Då eg hadde steikt EI ringde dei frå Rjåneset. (Kan dokke forstå korleis vi greidde oss utan mobil?)
Då dei reiste ut att i 18-tida la eg meg ut på altanen i sola med lydboka mi. Det var varmt og godt og eg somna fleire gonger. Sola blir borte frå altanen i 20-tida, så då er det berre å gå inn.
Fekk melding frå Rasmus i dag. Dei er no komne fram til Garda-sjøen og skal vere der eit par dagar. Eirik synest det må vere veldig langt å køyre, han køyrde halve vegen til Oslo, og tykte DET var langt.
No håper eg dei har fått fangst på lina, slik at det ikkje blir aldeles bomtur.


Bomtur vart det ikkje, men mange store langer. Nils anslo samla vekt til ca 100 kilo.

3 kommentarer:

solveig sa...

Vi åt to pakkar storlange i dag! Bra han fekk ny til seg sjølv og, reknar eg med!

Hildegard sa...

Flott fangst på gutane. Rasmus er modig som legg ut på langtur. Vi hadde 2 turar til Gardasjøen på slutten av 70-talet, med 3 born og telt.

arieldog sa...

Takk for at Eirik fekk vere med - han har hatt ein hivens dag!

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...