torsdag, juli 03, 2008

Gratulerer med dagen, Solveig!


I dag er det 45 år sidan Solveig vart fødd på sjukehuset på Eid. Det var ein fin og varm sommardag - som i dag! Mens eg enno låg på fødestua kom oversøster Åse med ein bukett roser som ho hadde plukka i sjukehushagen. "Her kommer jeg med sommerens første roser", sa ho. I går såg eg at rosene hadde begynt å sprette ut nede i hagen vår , så sommaren er i rute!
Solveig var vårt første barn, mamma sitt første barnebarn og det første oldebarne i slekta mi! Så det var stor stas.Det einaste skåret i gleda var at Nils var på Island på fiskeri, og fekk ikkje sjå døtra si før ho var 6 veker gammal.
Her er ho i kjend positur på skulekjøkkenet i ferd med å bake lefser. Det gjer dei til kvar jul på Hareid ungdomsskule, så ho begynner å bli litt av ein mester etter kvart. Og det enda ho har ei mor som aldri har bakt ei lefse i heile sitt liv, og ikkje kjem til å gjere det!
Solveig feirer dagen i Ørebro i lag med familien+ søsken og deira familiar. Til lykke med dagen!

3 kommentarer:

Elin sa...

Eg visste det var einkvan eg kjende som hadde gjebus 3. juli, javisst, det var Solveig! Gratulerer med overstått!

Hildegard sa...

Hugsa godt at Ørstabesta gjekk høggravid i sommarvarmen og at Amanda atteleta på deg. Eg hadde sommarjobb på sjukehus-kjøkkenet og var så vidt byrja å kike på min noverande ektemann!
Eidabesta

solveig sa...

Takk for helsinga!
Det var lettvint feiring i Sverige, bagettar, kjøpte kveitekaker og is til dessert!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...