onsdag, juli 30, 2008

Ikkje alt endrar seg.........


Då eg såg bilda på bloggen til Hildegard, kom eg i hug den fine turen vi hadde til Bremanger 11.september 2002.Vi tok ein del bilde på turen, mellom anna dette av Hornelen, som er nokså likt Eidabesta sitt.

Det var ein nydelig dag. Vi stoppa ved eit vatn midt på Bremangerlandet og plukka rognebær som eg laga gelé av. Har att av den enno.Elles var vi også til Kalvåg og ut til hytta til Hildegard.Dei var på jobb, men vi kunne nyte å vere pensjonistar.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Det var artig, blei berre litt rysta over at det er så... lenge sidan nyevegen vart opna.
Eidabesta

STRIKKEMOR(O) sa...

Nydeleg bilde!! Eg er innom bloggen din kvar dag, men har ikkje vore så flink til å skrive kommentarar i sommar.... Vi skulle hatt eit bloggtreff før ferien er slutt. Trur Lappetausa hadde likt det og, men ho reiser til Spania i morgon tidleg. Vi får tenke på det....

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...