mandag, juli 14, 2008

Ei anna tid.........


Sidan det er mamma sin fødselsdag i dag, tykte eg det var kjekt å legge inn dette bilde som er tatt i Stigedalen for lenge sidan.Her er både foreldre, besteforeldre og ein onkel. Dei er litt annleis kledde enn ein er på tur no til dags! Trur bestemor har hatt!
Vi hadde mange fine turar til Stigedalen i min barndom, for vi var i den heldige situasjon at pappa disponerte bil, og det var det ikkje mange som gjorde på den tida.Mosjon eller trim var eit ukjent omgrep, men vi leika og bada likevel. Vi ungane altså!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Artig bilde. Besten fortel at fleire store dagar i fam vart feira på Stigedalen Fjellhytte hjå ho Marte på Tua. Når vi går trimturar i Stigedalen, er det mykje mimring frå fisketurar som Besten hadde med far sin då han var barn/ungdom.
Vi hadde også tilgang til bil tidleg og har bilder frå bl.a. Vasslida (over Brekka) på 50-talet. Den tida var det også vanleg med stemner/møter på populære plassar og fjell-overgangar mellom bygder.
Eidabesta

Besta sa...

Eg hugsar eg var på Stigedalsstemne ein gong i min ungdom.Elles hugsar eg turer med tilsette frå sjukehuset i Commer-lastebilen, der pappa hadde skrudd fast benker på lasteplanet. Lasteplanet hadde for øvrig høgare kantar enn det som er vanlig.Hadde neppe blitt godkjent for mennesketransport i dag?

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...