fredag, juli 11, 2008

Eg kan ikkje dy meg...........

Har begynt å sjå i gamle album og scanne diverse foto. Må seie at det er både med glede og vemod eg gjer dette. Glede over alle dei nye familiemedlemmene som veks opp, og vemod over at vi andre vert eldre og at somme er borte.
Dette bildet av dei to svogerane er frå barnedåpen til Audun i 1990.
Elles vil eg ønske alle barn, svigerbarn og barnebarn velkomne heim frå ferien.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Eg har også hatt "fobi" mot å sjå i gamle album. Som pensjonist måtte eg berre ta meg på tak - og er no byrja å sortere bilder som ikkje er komne i album. Det blir ein lang prosess, har mykje liggjande. Har også gått igjennom gamle sv/hv foto langt tilbake i tid frå album til foreldra mine.
Viktig at det blir sett namn på personane på bilda mens nokon hugsar dei. Eidabesta

Besta sa...

Heldigvis har eg dei fleste bilda mine i album.Etter at eg begynte å kjøpe album med plastlommar vart det litt betre.Og så har eg skrive tid og stad på papirremser som følgde med. Men skikkelig gamle bilde har eg ikkje mykje av.Skal ein scanne dei er det faktisk ein fordel at dei ikkje er limt inn i alle fall.Som du seier er det viktig å skrive namn og ev årstal på bilda slik at etterkomarane har noko å halde seg til.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...