lørdag, juli 26, 2008

Det er varmt !!!!!!!


Vi har to termometer. Når det er varmt, les vi av det som er attmed inngangs-døra. Akkurat no kl.13.00 viser det +32 grader. Likevel ligg eg på altanen med lydbok i timesvis kvar dag for å bli brun! Men sola virkar ikkje noko særleg på meg lenger. For å holde ut varmen, har eg på vifta.

Solveig var innom i dag tidleg og henta ei kasse frosen fisk som dei skulle ta med til Kongsberg.Dei køyrer om Fjærland, som vanleg.

Margrete og fam er på veg heim.No er dei rett utanfor Oslo der dei skiftar eine hjulet på campingvogna på grunn av punktering. Dei kjem vel heim i løpet av dagen/kvelden.

For å kjøle meg av og friske meg opp ser eg på dette bildet frå Bakeriet på Lom.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer med overstått 46 års bryllaupsdag på søndag! Herleg med sommarvarmen, men ein blir doven av det. Las V.V.-krimmen "Bitre blomster" på hytta. Det er for varmt å trimme for eldre folk, kanskje ei dum unnskyldning? Prøver å gjere det nødvendigaste inne, men kjekkast å vere ute denne tida.
Eidabesta

Besta sa...

Takk for det!
Det vart ikkje noko vidare feiring i år.Nils er bra av forkjølinga, men akkurat no begynte eg å kenne eit snev av vondt i halsen. Gjer litt husarbeid morgon og kveld, elles latar eg meg ute i sola med lydbøkene "mine". Akkurat no går det i Brannvegg av Henning Mankell.Fine bilde på bloggen din frå ytre Nordfjord.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...