søndag, juli 13, 2008

Gratulerer med dagen!


Vi ønsker Margunn og Stein til lykke med bryllaupsdagen i dag.
Vi var med og feira dagen , først i Eid kyrkje og så på hotellet etterpå.
Eg hugsar at det var ein fin sommardag!
Dagen etter kom det gjester frå Ørsta, for då var det mormor Amanda sin fødselsdag.Det var rikelig med kaker att!
Dette er alt mange år sidan, sjølv om det ikkje virkar slik for oss "gamle".

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Ja, det var den gongen då ein framleis var "ung" og hadde krefter til store arrangement.
Stig André var knapt eitt år, snille husvertar i Einevegen 5 passa han den dagen. No er dei ei stor fam. med 4 born og 2 kaniner.
Stor dag i går då Kristine fekk heim dei to dverg-kanin-ungane som ho har besøkt siste vekene.
Eidabesta

Besta sa...

Då har ho og Olaug ei felles interesse. Kanina til Olaug skal bli far! Og Olaug håper på å få ein av ungane.Her i huset har vi hatt all verdens kjæledyr opp gjennom åra, også kaniner. Eg hugsar at vi hadde huset fullt av kaninungar i M. sin konfirmasjon.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...