søndag, mars 31, 2019

Dagbok 2019: 31.mars.









Klokka er no 19.20, sommartid. Temperaturen er + 3 grader og markane er kvite. Under snøen stå krokusen -eller kanskje han ligg rett ut. Det same skjedde i fjor. Ikkje mykje å gjere med det.
Sist natt vakna eg opp og verkte over heile kroppen, eg måtte sjå ut på vêret- og det var som eg trudde; skikkeleg giktvêr.
I dag har eg feira fødselsdagen min på etterskot i lag med dei familiemedlemmene som er i nærleiken. Serveringa var enkel, brennsnut/betasuppe til hovudrett og  etterpå gammeldagse dessertar som fruktcocktail og gelé. Gamle folk serverer gammeldags mat, seier eg.
Eg fekk mange fine gåver, og Solveig kom med garn og mønster til enda ei kofte. Men eg hadde ikkje tenkt å strikke så mykje no framover, så den får ligge på vent. Begge jentene hadde med seg blomster som skal stå på trappa; Margrete kom med påskeliljer, Solveig med tulipanar. Vi var 9 til bords til middag, men Einar måtte fare før dei andre, så han fekk ikkje delta i kake-orgien.
Det blir alltid for mykje kaker, men vi prøvde å dele på restane. Slik er det alltid.
No har eg tømt ei oppvaskmaskin og sett på ei til. Måtte også vaske opp ein del for hand, men no er huset delvis i orden igjen og eg kan sette meg ned å sjå TV eller strikke.
I morgon skal eg på kino på dagtid; endeleg skal eg få sjå "Ut å stjæle hester"; onsdag er det spanskkurs, og meir veit eg ikkje om denne veka.
I dag er det siste dagen i mars og Audny på Eid har fødselsdag. Vi gratulerer.

Amanda hadde med seg oppgåva som ho hadde skrive om oldemors si, mi mor, og eg fekk eit eksemplar. Det er artig å følgje med korleis dei jobbar i skulen no, heilt annleis enn då eg gjekk på gymnas. Amanda er russ i år, og i morgon reiser ho i lag med klassen til London på skuletur.

Beklager at det er så stygg bakgrunn for dei fine blomstrane. Desse bossdunkane er inga pryd, og skulle ikkje stått ved inngangsdøra, men det er fristande å la dei stå der vinters dag, så slepp ein å kle på seg for å gå ut med bosset.

1 kommentar:

Elin sa...

Gratulerer med overstått! Gled deg til filmen, den er veldig fin!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...