mandag, april 01, 2019

Dagbok 2019: 1.april

Alle som var på dagkino i dag fekk slike nett av Jiri


Klokka er ca20.10, temperaturen er + 4,5 grader C, det er ikkje direkte varmt. Det vart litt seint før eg kom til blogging i dag, grunnen er at eg ikkje var på nett. Eg måtte restarte ruteren til slutt. Dette har vore ein slik dag då eg ikkje har gjort så mykje, men dagen har forsvunne som ein røyk.
På føremiddagen sette eg i gang litt klesvask, så rakte eg opp noko av genseren eg strikkar på og restarta halskanten, reknar med at den blir ferdig i løpet av kvelden-viss eg er flittig. Strauk litt klede etc. før eg gjorde meg klar til å fare nedover. Kinoen begynte ikkje før 13.15, men eg skulle innom biblioteket for å hente boka "Land ingen har sett."- trudde eg hadde gått glipp av den. men etter å ha rippa ni plater og kom til å høyre litt av den eine, begynte eg å lure. Eg sjekka bloggen, og så har eg altså lese den før. Det har vore mykje strikking og lite lesing hittil i år, men eg drøymer om varme dagar og bøker på solsenga. Eg skulle gå i lag med Marit på kino, men ho var på seniordans. Eg kjøpte billettar til oss begge og så sette eg meg inn og såg på danserane.
Det var eit artig, men fint syn, damer frå Volda og Ørsta i alderen 65+++, den eldste var 92 år. Gamle damer finst i alle storleikar og fasongar, og ikkje mange er lytefri; det er vonde kne, dårlege hofter, krøkne ryggar osb. EIN mann var der også.  Men dansa det gjorde dei. dansane liknar mykje på dei eg lærte då eg gjekk på internasjonal folkedans. Det vil seie at det er like mykje trim for hovudet som for føtene. Det gjeld å hugse stega, og kva tid ein skal skifte partnar osb. Eg fekk lyst å begynne på dette lavterskeltilbodet, man han ikkje binde meg opp i FOR mykje. Eg føler meg på mange måtar fri til å vere med på meir enn før no når eg har berre meg sjølv å tenkje på og bilen gjer at det er enkelt å komme seg rundt. Men hausten og vinteren kan det bli vanskeleg likevel.
Filmen var veldig fin. Det er ikkje rart at fotografen fekk "premie". Eg har lese boka for nokre år sidan, men hugsa lite av den. Trefte mange kjende på kulturhuset i dag og der var ganske mykje folk som såg filmen i dag.
Vart frostig av å sitte så mykje i ro, så då eg kom heim varma eg opp brennsnut frå i går og åt til middag i dag også. Etterpå sette eg meg til å strikke og rippe-det siste kunne eg ha spart meg. No blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden

1 kommentar:

arieldog sa...

Meld deg på! Eg er sikker på at det hadde vore kjekt!

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...