søndag, mars 17, 2019

Dagbok 2019: 17.mars

Klokka er 17.20, temperaturen er + 4 grader C, det er nokså skya, men opplett. Vêret er greitt nok, det, men det kunne gjerne ha vore fleire varme grader. Vi er i alle fall heldigare enn dei som bur på Skedsmokorset, for der får dei stadig nye snøfall. Eg synest vinteren har vart lenge nok no.
Eg hadde ingen planar for sundagen, men etter at eg hadde ete frokost med kjøpebrød, fann eg ut at det passa å bake. Brød altså. Skulle sikkert ha baka både bollar og kaker, men baking er ikkje det eg likar best. Høyrde radio og strikka litt mens deigen heva.
Men så var det den fortærande sudokuen frå i går-eg fekk ikkje fred i sjela, men sette i gang på nytt, og det gjekk heilt strålande heilt til det siste talet skulle på plass- då var det feil. Det er så irriterande, enda det ikkje har så mykje å seie.
Det vart nysteikt brød til lunsj i dag, og etter at eg hadde slappa av litt, måtte eg sage litt ved for å trimme bicepsen. Akkurat då eg var nede i tilbygget og styrte kom Margrete og 2 X Amanda. Dei hadde vore på UKM der Erlend og kompisane hadde spelt. Dei kom for å hente genserane, men gav seg tid til å stoppe opp og drikke kaffi med meg. Eg har ikkje vore ute av huset i dag, men skal kanskje gå ein liten tur no, før det mørknar. Eg er altfor lite ute denne årstida.
Komande veke har eg ikkje anna på programmet enn spanskkurset, men det dukkar vel opp eit kvart.
Fotoapparatet mitt var litt i ulage i dag, bilda blir heilt tåkete, og eg har ikkje på  kva som er gale.
Gjekk ein liten runde ut gata og inn Olavsgata. Eg har agitert litt for spaserturer på fonnvernet, men no ser eg at dei har sett opp låste portar, så det er vel eit lite vink om av ein ikkje skal gå der. Elles så synet eg fonnvernet er for høgt og tek bort mykje av utsikta opp mot fjella. Ikkje kan eg forstå at det er nødvendig heller. Viss det går ras så følgjer det nok elva, så det hadde greidd seg med mindre enn det som no har kome opp. Her ser vi berre så vidt toppen på Vallahornet.

Frå Olavsgata ser det slik ut.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...