mandag, mars 25, 2019

Dagbok 2019: 25.mars

Klokka er 19.30, temperaturen +4 grader C og det er overskya og regn.
Slik var det ikkje då eg stod opp i dag, då skein sola, og himmelen var blå. Sola skein inn i glaskarmane så eg flytta vekk orkideane, det har ikkje vore mange dagar hittil i år at eg det har gjort.
Etter frokost vaska eg håret og kledde meg skikkeleg.
Eg hadde time hos legen kl. 11.40, men ville vere ute i god tid, sidan eg ikkje heilt visste kvar eg skulle parkere-blant anna. Elles er eg alltid ute i god tid, for eg likar ikkje stress. Eg sette meg innpå venterommet og der blei eg sittande, heldigvis trefte eg folk eg kjende, såpass eg hadde nokon å prate med. Det varte og det rakk, og då eg hadde venta nesten ein time over tida gjekk eg ut i luka og spurde om dei hadde gløymt meg. Men då kom legen og ropte meg opp. Veldig kjekk ,ung lege. Det virka som om han kjende meg så eg lurte på om eg hadde hatt han som elev(Ja, ikkje i klassen min, dei kjenner eg -på namn om ikkje anna). Men han hadde gått på Vikemarka- men far hans, som var ca. 60 hadde gått på Velle. No er ikkje mine elevar fullt så gamle, men dei er nok i 60-åra dei som var i dei øvste klassane då eg begynte på Velle.
Eg bad om at han måtte forklare epikrisen eg hadde fått frå røntgen og CT. Det var ikkje så dramatisk, men om lag som eg trudde; artrose og cyster som følgjer med. Det var ikkje så mykje å gjere med det, for så lenge ein ikkje verker om natta så ein ikkje får sove, plar dei ikkje operere. No har eg ikkje så vondt verken dag eller natt, men kan ikkje gå ubegrensa.  Han anbefalte å gå til fysioterapeut og få eit treningsopplegg der.
Trude Tonning tok mange blodprøver sist eg var hos henne- og alle prøvane var heilt fine. Ho lurte på om eg hadde fått skade på nyrene av tablettane eg hadde tatt. Det hadde eg ikkje.
Før eg køyrde heim att var eg innom biblio og lånte "Skada gods " av Tore Renberg. Eg har lese dei to første bøkene i serien, og hadde i grunnen ikkje tenkt å lese den tredje, men Margrete sa at den var bra. No har eg rippa den, så er det berre å legge den inn på MP 3-en.
Eg laga meg middag i dag også; i dag vart det kyllinggryte med ris, og det blir det sikkert i morgon også. Eg skulle slappe av i godstolen etter middag, og då sovna eg med strikketøyet i hendene. Ei lita stund etter ringde Ragnhild og vi avtalte å fare til Volda på kafé blant anna på onsdag etter at eg er ferdig med spanskkurset.
I dag kunne eg ha vore med Marit på strikkekino, men eg takka nei, skulle prøve å få gjort noko her heime. Eg hadde tenkt å bytte på senga, lufte sengetøy og vaske golvet på soverommet. Men i mellomtid var det blitt vêrbyte og regnet piska mot ruta. Men eg fekk i alle fall sett på vaskemaskina.Somme dagar går som ein røyk-andre ikkje.
Det blir til at eg set for mykje og strikkar, ser TV og høyrer radio. Så når eg er ferdig med genseren eg no held på med, går eg over til lestestrikk igjen

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...