lørdag, mars 23, 2019

Dagbok 2019: 23. mars

Klokka er 18.00, temperaturen ute er+ 4 grader C. Om vêret i dag er det mykje å seie, kort sagt har det vore vekslande. Vi har hatt litt snø, mykje hagl og antydning av regn. Torevêr har det også vore og mykje vind. Som toppen på alt kom sola fram ei lita stund såpass eg fekk tatt eit par bilde ute på trappa. No er det visst litt stille før stormen.
Det vart ikkje til at eg for til Volda på konsert i dag. Ikkje berre hadde eg sår på leppa, håret såg ut som eit skjorareir også. Sjølvsagt kunne eg ha fare, men eg hadde ikkje tiltak til å shine meg opp. I staden tok eg bilen min og køyrde ned til Spar, der eg parkerte og gjekk ned på Amfi for å kjøpe garn og plaster. Strikking er det einaste eg kjem i gang med, dei andre jobbane står på vent. Akkurat no er det opplett og relativt vindstille ute, men det er meldt sterk vind til natta. No synest eg vi fortener litt finevêr. Eg ser at dei blå sibirstjernene er på veg opp så no må sola kome.
Eg hadde kjøpt ein ny farge til genseren-nemleg grått- så eg sette meg til å strikke så snart eg var heime.
Til middag vart det salat med fetaost i olje til, det er slikt som eg likar. Til kaffi kom Marit over vegen og vi fekk prate litt, og så blir det vel strikketøy og TV i kveld også, som dei fleste kveldar. Det er heilt i orden for meg. Eg kjeder meg aldri!


 I dag er det barnebarnet Ingeborg som fyller år. Heile 26 år er det blitt sidan Margrete blei mamma for første gong. Ingeborg held til i Oslo det ho studerer på Menighetsfakultetet. Ho bur i kollektiv i lag med andre jenter og trivst i byen. Dei har nyss vore til Irland ein tur og feira St. Patrick`s day der.

Gratulerer med dagen, kjære Ingeborg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...