torsdag, mars 28, 2019

Dagbok 2019: 28.mars


Klokka er snart 20.00, temperaturen ute er + 10 grader og det blæs. Det var tørt på trappa no, men eg trur det har regna litt før i dag. Eg har som vanleg vore mest inne.
Blomsteroppsatsen på bildet er frå Mimi og Rolf, rørande at dei husar på meg i dag.
Eg hadde sett for meg at det skulle vere fredag i dag og då skulle eg vaske. Men så var det berre torsdag så det var ikkje noko som hasta. Hadde litt mat å gjere i stand, og så laga eg ei vaffelrøre med den mislykka eggekremen i, og dei vaflane vart gode. Eg åt av dei til lunsj og så sende eg melding til Marit og ho kom over gata til vaflar og kaffi. Vi kosar oss alltid i lag.
Det er fleire som har ringt til meg i dag, mellom andre Olaug Orten Trovåg og Ellen Marie. Sistnemnde og eg hadde ein lang prat, sjølv om vi prata for mindre enn ei veke sidan.
Så har eg sjølvsagt strikka og lese spansk, det gjer eg kvar dag- "cada dia". Eg får aldri til å kjede meg.
Med Marit fekk eg gåvekort til kinoen i gåve. Komande måndag kl.13.15 set dei opp att "Ut å stæle hester"  som dagkino, for dei som ikkje fekk sjå den då den gjekk for fullt -og dit skal Marit og eg. Onsdag er det spanskkurs for nest siste gong denne våren.
Vi driv og forhandlar med fysioterapeuten om at eg skal få komme på samme tid som Marit, det hadde vore praktisk for oss når det gjeld køyring - anten ho eller eg kan køyre etter som det passar. Det er ein veldig fridom å ha bil, særleg når føtene ikkje er heilt oppe og står.
Det har ikkje vore noko "feiring" av dagen i dag, men sundag kjem alle i familien som har høve til det. No er det ikkje så mykje å feire at ein fyller 79, men eg får seie som mamma sa då ho var gammal: "Frå no av vil eg feire alle geburstdagar" !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...