torsdag, oktober 28, 2010

Bok nr. 54 2010: Daisy sisters.

Endelig! har eg klart å høyre gjennom dei 18 kjedelige CD-ane ! Med berre elendigheit, utan særlig mykje å glede seg over verken når det gjeld språk eller innhald. Både Solveig og Margrete har skrive om boka før, og vore minst like negative, likevel måtte eg strete meg til å lese heile historia.Det hadde vore betre å ikkje gjere det.
Bakgrunnen er 40 år svensk arbeidarklassehistorie, med dei problema som arbeid i fabrikkar etc. fører med seg både når det gjeld dårlig løn og elendige arbeidsvilkår. Hovudpersonen i boka, Eivor, er to år yngre enn eg, så vi har levd opp i same tida. Mykje er lett å kjenne att frå tid og miljø, men som personar er vi ikkje mykje like. Både Eivor og somme av veninnene hennar er relativt ressurssterke, likevel endar dei fleste opp med alle dei problema som tenkast kan.Og få av dei greier å gripe tak i sitt eige liv. 
Dette kunne enda gått an om ikkje forfattaren på død og liv må kommentere kvar minste ting som skjer.Og etter ei så langdryg bok hadde eg i alle fall venta meg ein skikkelig slutt. Men nei!
NEI ! Ver glad for at Mankell gikk over til å skrive krim, for sosialrealisme er ikkje hans greie.

6 kommentarer:

solveig sa...

Einig! Og uansett er denne boka utgått på dato. Eg forstår eigentleg ikkje kvifor dei gir den ut som lydbok.

Besta sa...

Nei, ikkje eg heller. Hadde eg vore norsklæraren(svensk-) hans hadde eg korta boka ned til det halve.Det er vel berre namnet som gjer at den blir utgitt som lydbok. Tenkte på henne som las den inn. Stakkars menneske!

arieldog sa...

Var litt spent på om du kom til å vere meir positiv enn oss (om ikkje anna, så berre på trass) - men heldigvis, får eg vel seie, var vi einige.

Besta sa...

Eg var åt og snakka litt om at "tidsaspektet" var meir interessant for meg enn for dokke, men det var før eg las dei 8 siste platene. Her kan ein trygt bruke uttrykket TOO MUCH -
Minner litt om slike historier som born av og til skriv, slike som liksom verken har verken begynnelse eller slutt.

arieldog sa...

Eg høyrde slutten tre gonger for å forsikre meg om at eg ikkje hadde gått glipp av eit sluttpoeng...

Besta sa...

Eg høyrde den opm att berre EIN gong-då gav eg opp. Tenkte berre at han endelig var blitt lei av boka sjølv. Godt det ikkje berre var eg som lurte, er alltid redd for at seniliteten skal sette inn!

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...