tirsdag, oktober 12, 2010

Vermelding 12.august 2010

 
Klokka er no ca 13.45, og vi er ferdige med middagen. I dag vart det tidlig middag med fiskekaker frå frysaren. Lettvint. Ute er det nokså skya, dessutan har det regna litt, det hadde det gjort sist natt også. Eg hadde både madrassa mi og anna sengetøy ute på altanen. Ja,ja, verre ting har skjedd i verda.No har eg hengt det til tørk. Temperaturen er + 9 grader, får vere glade så lenge vi slepp frost og kulde.
I dag har eg vore skikkelig flink, synest eg sjølv. Eg har endelig fått vaska ned kjøkkenet, tak vegger bord og benker. Og denne gongen har eg gjort det skikkelig, ikkje berre sveipa over med moppen. Alt vel og bra så langt, men eg veit omtrent korleis eg vil føle det utover kvelden. Men gjort er gjort, og så langt er eg berre glad for det.
Nils har vore ute og planta  blomsterløkane som vi tok opp sist vår; vi prøvde å få vekk alle løkar frå rosebeddet, for det er slikt rot med løkblomstrane etter dei er avblomstra. Reknar no med at det dukkar opp eitt og anna likevel. No skal eg ha meg ei stille stund med Karl Ove.
Posted by Picasa

2 kommentarer:

arieldog sa...

Gratulerer med vel overstått arbeidsdag! Viss du får fysiske plager i etterkant, er det sikkert ei god trøyst å ha Karl Ove!

Besta sa...

Ja, han er til tider min beste venn, veit du. Så langt i nummer 3 har det handla om barndommen-kronologisk.Eg forstår at han, etter å ha vore så knebla i barndommen, får lyst å skrive eit seksbindsverk om seg sjølv.I tillegg til Karl Ove har eg Tramodol med trekant som eg har forsynt meg av.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...