tirsdag, oktober 12, 2010

Bok nr.52 2010 : Min kamp 3

Dette er 3.boka i serien om livet til Knausgård.Den handlar om barndommen hans, og er den hittil beste av bøkene etter mi, og mange andre, si meining.
Karl Ove er fødd samme året som Margrete og såleis på alder med mine eigne barn. Det gjer at eg hugsar att mykje av korleis det var den tida. Eg tenkjer då på slike ting som klede, musikk, TV, bøker etc.
Knausgård vaks opp i det som kunne sjå ut som ein vanlig middelklasseheim, men med ein far som var svært kontrollerande, for å seie det mildt.Skal ein uttrykke det meir eksakt dreiv han regelrett mishandling av dei to gutane sine, både fysisk og ikkje minst psykisk. Eigentlig var det kanskje denne boka ein skulle ha lese først, for her startar han med fødselen og skriv kronologisk om barndommen sin. Men det er meir spennande slik han har gjort det,nemlig å skrive om livet sitt på ein retrospektiv måte med kommentarar frå notida.
Eg har likt alle Min kamp-bøkene og vil  anbefale dei til andre. Les gjerne lydbokutgåva, for her er det ikkje vanskelig å henge med.Og opplesaren er flink.
Det som er veldig spesielt for meg når eg les denne boka, er at det dukkar opp så mange minne frå min eigen barndom, om det som hende både av vondt og godt.Likeins hugsar eg hendingar frå då borna våre vaks opp og dei urettar ein sjølve kan ha vore skuldige i.
Noko eg lurer på er kvifor han vel å skrive i eit sånt arkaisk språk, nærmare riksmål enn bokmål til tider. Med stor bruk av passiv og innskotne setningar. (Are Kalvø har laga ein parodi som eg las på nettet ein dag).Viss eg treffer Karl Ove får eg spørje han.
Knausgård har vore nominert og har fått mange prisar for bøkene sine.Noko  eg ikkje visste før i dag, var at broren, Yngve, har laga bilda på bokomslaga.
Som de veit har det vore mykje bråk omkring desse bøkene, og mange vegrar seg for å lese dei på grunn av alt som har vore skrive om dei. Eg bestemte meg for å lese ei av bøkene for å gjere meg opp ei meining sjølv. Etter tre bøker er eg meir begeistra enn nokon gong.
Dette er ikkje ei bokmelding, men lausrivne tankar som er noterer ned mens eg har boka i friskt minne.

3 kommentarer:

Elin sa...

Eg har bestemt meg for å lese vidare på bok 2, etter å ha høyrt fleire uttaler og etter å ha sett forfattaren på Skavlan :):)

Besta sa...

Både Margrete og eg er blitt veldig glade i denne mannen/forfattaren, og etter bok nummer 3 er ikkje kjærleiken blitt mindre.Eit BARN som har det slik som han, vil vekke sympati hos alle mødrer og bestemødrer. Om du ikkje les alle, så les i alle fall nummer 3.

Bjørg sa...

No fekk eg lyst å lese dei.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...