onsdag, oktober 27, 2010

Vermelding 27..oktober 2010

Klokka er alt blitt 15.15. Temperaturen er + 14 grader C og sola er litt framme akkurat no. Litt vind er det også, så det virkar som om våren er komen.
I dag hadde vi avtale om å hente ei dame frå Ulsteinvik i Furene. Ho skulle sjå på kjellarleilegheita Ho kom og hadde med seg ei vaksa dotter, sjølv var ho 47 år. Ho blei veldig begeistra for leilegheita med ein gong og ville gjerne ha den viss ho fekk leige den.Døtra skal ikkje bu i lag med henne. Ho jobbar deltid på eit plantesenter i Volda.Det blei bestemt at ho skal flytte inn.Eg bad då no på kaffi så vi blei litt kjende.
Sidan vi skulle bort i Furene likevel, var vi innom Expert, som har opphørssal, og kjøpte oss nytt kjøleskap. Vi hadde sett på skapet før, og no fekk vi 15 % avslag. Det utgjorde litt på eit såpass dyrt skap. Det skapet vi har hatt no, er litt upålitelig, og så begynner det også å pipe, gjerne midt på natta, fordi det ikkje greier å halde temperaturen lav nok. No skal vi ha det som reserveskap i kjellaren.
Dei skal komme med det nye skapet i løpet av dagen, så vi har tømt det gamle, på bildet kan de sjå korleis det ser ut på kjøkkenet akkurat no. Håper dei ikkje ventar til etter stengetid før dei kjem ! 
Av lett forståelige grunnar har vi utsett middagen på ubestemt tid!
Vi vil gratulere Bjørnar på Eid med dagen i dag!
Det nye skapet er levert!

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Det ser ut til å vere eit stort og romsleg kjøleskap. Gratulerer.

Besta sa...

Takk for det! Skapet er 2 meter høgt, men rommer ikkje så mykje meir enn det vi hadde. No kan vi bruke det gamle til avlastningsskap. Det står i kjellaren.

solveig sa...

Vi skal og ha oss nytt kjøleskåp. Orket er å tøme det gamle .. Men eg veit ikkje om eg vil ha fryseskap eller heller eit svalskap ...

Besta sa...

Eg vil ha dei fryseskuffene for å sleppe å gå så ofte i kjellaren, men eg kunne greidd meg med to, då ville eg fått større kjøleskap. Men slike skap finst visst ikkje.Til dagleg treng vi ikkje større skap, og viss det gamle virkar i kjellaren, har vi reserveskap. Men det kan no ikkje stå og hyle om natta.

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer med nytt kjøleskap!

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...