onsdag, oktober 20, 2010

Vermelding 20.oktober 2010

 
Klokka er no 12.30, temperaturen er + 3 grader C og sola skin. Det ville vere feil å seie at eg likar at snøen kjem så tidleg. Mange tre står framleis grøne, rosene blomstrar og det same gjer clematis, vivendel og diverse anna. Men eg kan ikkje nekte for at det er vakkert ute i dag, så lenge det varer. Måtte ta meg ei foto-runde i hagen, då vi kom hem frå Vik. Håper ikkje vinteren er komen for å bli.Det er for tidlig. 
Vi har vore nedover og henta dei nye gardinene, som eg må til å henge opp. Ein jobb eg ikkje er spesielt begeistra for, men håper vi blir nøgde med det ferdige resultatet. Tok ned gamlegardinene før vi for nedover, å no får vi rikelig med sol og lys inn. Skal legge bilde inn på bloggen når dei er på plass.
No er gardinene komne opp, og vi er vel fornøgde. Dei er lyse og lette. Men dei må henge seg til, og det blir kanskje nokre justeringar som må til.Og så er det eit anna "problem" og det er å finne noko til det vesle vinduet som matchar.Kika litt i dag, utan å finne noko som eg fall for.

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Fine gardiner - lyst og lett.
Får håpe denne snøen reiser fort. I dag var det skikkeleg glatte vegar.

arieldog sa...

Kjempefine gardiner!

solveig sa...

Kjempefine, eller steikje fine gardiner! Er du sikker på at du ikkje vil ha sameleis på lisjevinduet?

Besta sa...

Har vurdert det, men det blir litt for voldsomt sidan gardinene er relativt stive.

STRIKKEMOR(O) sa...

Flotte gardiner!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...