søndag, oktober 31, 2010

Vermelding 31..oktober 2010

 
Klokka er 14.15. Temperaturen ute er + 9 grader - det er litt vind og regn av og til.Det er etter kvart tydelig at hausten er komen, og no minkar det fort med lauvet på plommetrea. Vi plar køyre over med plenklipparen og samle opp det meste av lauvet.Mange tre står framleis grøne, trur det må kome av den seine våren.
Vi er alt fedige med middagen, sommartida heng visst att i kroppen. Det vart steikt kveite i dag. Det er ikkje ofte eg grin på nasen av mat, men denne retten er ikkje noko for meg. Trur kveita vart frosen litt for tidleg, for den er altfor fast og tørr. Takke meg til sei!
Elles har eg ikkje gjort mykje i dag, men eg sat ei stund og strikka og høyrde preika på radioen. Det var ein kvinnelig prest som tala over teksten om Marta og Maria. Dei fleste av oss vil vel identifisere oss med den travle Marta og eg kan hugse at eg alt i barndommen irriterte meg over Maria.No skal eg ikkje referere heile preika, men prøve å hugse "minneordet" som presten gav oss: "Det er ikkje betre å gjere for mykje enn å gjere for lite"-eller noko i den stilen. Det ho meinte var at alle skulle ta seg tid til stille stunder. Korleis ein brukar desse stundene må vere opp til den einskilde.Det er ikkje lenger fare for at EG gjer for mykje, likevel har ein det i seg at ein skal GJERE noko heile tida.
Posted by Picasa

3 kommentarer:

solveig sa...

I dag har eg og vore lat ...
Litt husarbeid vert det alltid ein søndag. I dag har eg tømt kjøleskåpet nede, det som vi har arva. Eg har lyst på nytt oppe. Så det spørs om eg skal late vere å fylle det att!

Bjørg sa...

Vi og høyrde på preika. Det var visst slik minneordet var, ja. Vi burde vel ha god tid no. Men merkjeleg nok er det alltid noke ein skulle ha gjort. Eg føler på at tida går altfor fort.
Vi har hatt besøk i dag. Det er i grunnen fint å bruke tid på det.

Besta sa...

Ja, det å ha besøk og i det heiløe tatt vere i lag med folk ein bryr seg om, er noko vi kan prioritere no når vi styrer tida vår sjølve.Men det er ikkje alltid så lett å få tida til å strekke til når ein er midt i livet med barn, hus og jobb m.m.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...