mandag, november 01, 2010

Vermelding 1.november 2010

Klokka er allereide snart 19.00 og det har vore mørkt ute lenge ! Merkar at det er vintertid, ja.
I dag har vi hatt mange slags ver. Då vi stod opp var det nesten klår himmel, ei lita stund etterpå silregna det. Etter som det leid på dag vart veret klårt og fint, og så vart det kaldare. No er det ca 0 grader C.
I dag hadde vi besøk av Margrete og dei tre yngste til middag. Sidan Amanda er på ballettøving om mandagane, har det blitt fast besøksdag. I dag serverte vi svineribbe og medisterpølser. Nils var på møte på VØR, der det er tradisjon med pizza; men kjenner eg han rett, tar han gjerne eit middagsmåltid til når det lid på kvelden.Eg har ikkje gjort noko særlig anna i dag enn å lage mat, og så har eg gjort diverse anna husarbeid, då. Som vanlig. I kveld må vi nok ta inn pelargoniane som har stått på trappa til denne tid.

4 kommentarer:

solveig sa...

I dag tidleg merka eg at det var blitt lysare. Eg gjekk 50 meter før eg oppdaga at eg hadde gløymt mobilen min heime, så snudde eg og lurte på kvifor eg gjekk! Det var sykkelføre ...

Hildegard sa...

Kjekt med ein slik "besøksdag". Vår "faste" er onsdag. Då er det kort dag på skulen for Kristine og Henning og fiskeniddag til dei 3 jentene våre.

arieldog sa...

Takk for mat! Gjekk meg ein tur då eg kom heim, for kjøtmiddagar sit betre i enn noko anna...

Besta sa...

Det er EIN av grunnane til at vi et mykje fisk.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...